Mari (15) imponerte på UKM

ARTIST: Mari Bjelland (15) var klar for å opptre med ein soulsang på årets UKM. Ho kjende litt på nervane tidleg på dagen, men var glad for at ho skulle tidleg på, slik at ho fekk sjansen til å nyta dei andre innslaga etterpå.

Laurdag var det ungdommane sin tur til å visa fram kunstane sine, og Mari Bjelland var ein av dei flinke deltakarane på scena.

DEL

Mari Bjelland frå Sunde stod laurdag kveld klar med gitaren sin for å opptre med soulsongen «Glitter and gold» av Rebecca Ferguson på UKM.

– Tidlegare har eg ikkje tenkt at soul er ein sjanger som passar meg, for eg er altetande innan musikk, og høyrer på alt frå pop og rock til klassisk.

Men det var ikkje utan grunn at det var nett denne songen ho valde:

– Eg synest songen er så flott, og eg tar meg stadig i å spela den fleire gonger på rad på anlegget, fordi det rett og slett er vanskeleg å finna like bra songar, smiler den unge artisten.

Mari har deltatt på UKM éin gong tidlegare, men den gong gjekk ho ikkje vidare til fylkesmønstringa. Sidan den tid har ho jobba med tilbakemeldingane ho fekk:

– Eg valde å framføra ein litt alvorleg song for to år sidan, og fekk beskjed at humøret mitt ikkje passa til songen, då eg smilte litt for mykje undervegs, smiler den unge jenta.

Før kveldens opptreden var Mari litt nervøs, men ho er ganske så sikker på at ho var mykje meir nervøs for eit par år sidan. Og ho hadde ingen grunn til å kjenna på nervane, då gitaren og stemma fylte heile kinosalen på kulturhuset, og ho fekk ståande applaus for innsatsen.

SCENA: Mari Bjelland på scena under UKM.

SCENA: Mari Bjelland på scena under UKM.

– Det er mange flinke artistar i Kvinnherad, så det er veldig høgt nivå her. Eg synest det er kjekt å delta, så om eg ikkje skulle gå vidare tar eg det ikkje særleg tungt, avslutta ho.

Suksess

Fagpanelet, beståande av Tonje Solheim, Stian Olderkjær og Henning Sæbø, får no ein tøff jobb med å plukka ut dei fem bidraga som skal gå vidare til UKM Hordaland, som skal føregå på Os i april.

– Alle deltakarane skal no bli evaluerte og få ei tilbakemelding på opptreden og jobben dei har gjort. Det er viktig at alle får sjansen til å vidareutvikla talentet sitt, og det er ikkje nødvendigvis dei som er best som blir sendt vidare for å representera Kvinnherad, smiler arrangøransvarleg, Karianne Solheim, godt nøgd etter suksesskvelden.

TØFF GJENG: The Keys med Theodor Bartlett Enes Mehl som vokalist, framførte «Love Gun» av Kiss/The Doors.

TØFF GJENG: The Keys med Theodor Bartlett Enes Mehl som vokalist, framførte «Love Gun» av Kiss/The Doors.

– Hovudfokuset er at dette er ein sosial arena for ungdommen, og at dei kosar seg.

Dette er noko Solheim synest dei har lukkast godt med i år. Over 80 deltakarar har vore i sving, alt i frå framføring på scena til å underhalda publikum mellom innslaga til arbeid i kulissane, og stå for kioskutsal eller stilla ut kunsten sin.

GLEDESSPEIARAR: – Vi står for pyntinga av lokalet, fortel nede frå venstre Malin Rød Kolsaas, Josefine Handeland Gunning og Aila Kordo. Bak frå venstre ser vi Kaia Røyrvik Olderkjær, Celina Prestnes Ersland og Kari Leganger.

– Langt fleire ungdommar har meldt seg på som arrangørar enn tidlegare, og det er veldig gledeleg. Dette viser at det er ungdommane sin dag, og vi har mykje å gleda oss til i framtida, avslutta Karianne.

Send tekst og bilde «

Vi vil gjerne høyra om smått og stort som går føre seg i Kvinnherad. Hjelp oss å vera overalt!

Artikkeltags