Plateslepp og turné

Storm Weather Shanty Choir (Arkivfoto).

Storm Weather Shanty Choir (Arkivfoto).

Av
Artikkelen er over 9 år gammel

www.kvinnheringen.no: Storm Weather Shanty Choir slepp plate nummer fire under Bergensfest 2009.

DEL

Sjantisongarane har base på Stord, og blant medlemene finn me Roald Kaldestad (gitarar/song) med røter nettopp på Kaldestad. Dei andre i rockekoret er Gisle Østrem, Håkon S. Vatle, Ronny Sætre, Rune Nesse og Vidar Vedå.

Den nye plata har fått tittelen «Way hey (and away we’ll go)» og byr på 13 låtar. Blant gjesteartistane er William Hut og kultrockaren Dave Cloud frå Nashville.

Storm Weather Shanti Choir er elles flittig nytta til å saltsprenga låtar for andre artistar. Til dømes Odd Nordstoga, Kaizers Orchestra, Vamp og Katzenjammer.

Lanseringsturnéen startar 30. april under Bergensfest. Deretter går det landet rundt i løpet av mai – 2. mai dukkar dei opp på Arena, Stord. Men skal med tru turnélista på Storm Weather Shanty Choir si nettside, blir råd å sjå maritime drøvlar (desse karane syng ikkje med halvopen munn) også i Kvinnherad: 17. juli på Dønhaug i Uskedalen og 18. juli under Maurangerdagen.

Send tekst og bilde «

Vi vil gjerne høyra om smått og stort som går føre seg i Kvinnherad. Hjelp oss å vera overalt!

Artikkeltags