Kvart år blir Kvinnherad kulturstipend, Frivilligprisen og Kulturprisen delt ut. I år skal dette skje samme dagen, og i tillegg blir det både gratiskonsert på dagtid, og kveldsarrangement i Kulturhuset Husnes.

– Målet var å gjera utdelinga av desse prisane større og meir stas for mottakarane, og samtidig skapa eit kjekt arrangement for innbyggjarane. Vi trur det blir ein veldig kjekk dag, og er veldig fornøgde med å ha fått dette til, seier Veronica Thorkildsen Thorsen på Kvinnherad Frivilligsentral.

Alt dette skal skje laurdag 8. september, på "Den store jubelkonserten". På dagtid blir det altså prisutdeling og gratiskonsert i kinosalen, og etterpå får prisvinnarane med følgje meir heider på ein eigen middag til ære for dei. På kveldstid blir det ny konsert i Festalen, men med 18-års aldersgrense. Billettar til dette arrangementet er allereie lagt ut.

– Vi har eit håp om at dette skal bli eit årleg arrangement, og ønskjer å bruka lokale artistar, anten utflytta eller artistar og band som bur i Kvinnherad, fortel Thorkildsen Thorsen.

I år er det Matti Røssland og Marion Woodseth som er booka til laurdagen, og i tillegg skal elevar frå kulturskulen underhalda. Samarbeidet mellom kommunen, frivilligsentralen og kulturhuset skal òg halda fram.

– Ja, vi har eit mål om å laga fleire kjekke arrangement framover, avsluttar Thorkildsen Thorsen.