Leiv Guddal er ein aktiv pensjonist som har jobba breitt med kultur og samfunnsbyggjande prosjekt. Særleg vil vi trekkja fram engasjementet hans for kulturvernoppgåver og folkehelse, heiter det i ei rykande fersk pressemelding frå Kulturkontoret.

Og vidare frå grunngjevinga: Leiv har på ein framifrå måte arbeidd fram prosjekt som koplar desse viktige oppgåvene. Særleg ynskjer vi å leggja vekt på initiativet hans til oppstart og leiarskap i Seimsfoss bygdalag sidan 1997. Leiv vert gitt mykje av æra for det flotte turvegnettet som bygdelaget har etablert frå Seimshagen bustadfelt over skoltane til nyebrua i Guddal, og vidare ned langs elva til Guddal. Langs turvegen er det etablert parkområde med møteplassar i lafta grindabygg. Vidare var Leiv Guddal sentral i arbeidet med å etablera Kvednalaget, som har rusta opp dei gamle kvernhusa og etablert nye bygg og møtestader i området rundt fossen på Seim. Området står i dag fram som eit godt bevart kulturmiljø, der det gjennom aktivitetsdagar og andre arrangement vert gjort ein viktig innsats for å formidla lokal historie og kunnskap.

Leiv er ein pådrivar for utabeiding og formidling av eit omfattande stadnamnregister over området på Seim og Guddal. I samband med oppstart av arbeid med Kulturminneplan for Kvinnherad, stod Leiv i spissen for å utarbeida stadnamnregister og arbeider i dag med planar for korleis ein kan formidle historia kring stadnamna, knyta dette opp til gamle ferdselselvegar og på denne måten auka opplevingsverdien av å vandra på gamle vegar. Leiv sitt engasjement har samla sett bidrege til optimisme og styrking av fellesskapet i bygda, og ein generell auke i interessa for kulturminne og bygdehistorie, samt betre folkehelse gjennom meir turgåing.

Leiv har i tillegg til dette vore ein sentral mann og aktiv i styre for ei rekkje institusjonar som har vore viktige for kulturlivet i Kvinnherad, mellom anna kan nemnast: styremedlem i Sunnhordland museum, styreleiar i Kvinnherad friundervising, etablering av distriktsaktiv skule, styreleiar av Kvinnherad senioruniversitet, styremedlem i Hageselskapet Kvinnherad, styreleiar og aktiv i skiping av Steinparkens venner, oppstart og fyrste leiar av kulturnemnda ved Husnes samfunnshus og styreleiar i Rosendal skulekorps.

Leiv er ein person som går stille i dørene. Han har ei eiga evne til å sjå muligheiter, engasjera og dra folk med seg, og har i alle sine prosjekt vist stor handlekraft. Kvinnherad kommune takkar Leiv for framifrå innsats og håpar Kulturprisen 2017 gir inspirasjon til mange fleire år med arbeid i teneste for kulturen.

Offisiell overrekking av Kulturprisen vil skje i eige arrangement og ordføraren vil stå for overrekkinga.