Rikhaldig festivalprogram

Her har Kvinnheringen plassert festivalkunstnaren på sokkel. F.v.: Vidar Haugland, Eli Haugan, Clive Anderson, Trude Hege Bergesen, Ian Garlant (festivalkunstnar), Jarle Mehammer (jazzklubben), Grethe Brundtland (senioruniversitetet) og Kristian Bringedal. Personane utan parentes bak namnet utgjer festivalstyret der Bringedal er leiar.

Her har Kvinnheringen plassert festivalkunstnaren på sokkel. F.v.: Vidar Haugland, Eli Haugan, Clive Anderson, Trude Hege Bergesen, Ian Garlant (festivalkunstnar), Jarle Mehammer (jazzklubben), Grethe Brundtland (senioruniversitetet) og Kristian Bringedal. Personane utan parentes bak namnet utgjer festivalstyret der Bringedal er leiar.

Artikkelen er over 4 år gammel

Den 11. Kvinnherad kulturfestival har mange gode kort på handa.

DEL

– Rett nok har vi ikkje ei storsatsing à la «Oliver!», men breidda og kvaliteten er noko av det beste vi har mønstra!

Orda kjem frå verksemdsleiar for kultur og fritid i Kvinnherad kommune, Kristian Bringedal, som leia kulturfestivalen sin pressekonferanse fredag. Og han hadde god grunn til å vera stolt over programmet som vart presentert.

Den offisielle festivalopninga – ved scenograf Ingeborg Kvamme – skjer torsdag kveld i Festsalen i Kulturhuset Husnes. Arrangementet er også utstillingsopning for Ian Garlant sin installasjon «Love Norway X». Under opninga skal Rosendal Musikklag framføra musikk som høver til kunstverket.

Ein annan multikunstnar med lokal tilknyting, Karina Opdal, blir å sjå og høyra i fleire samanhengar under festivalen. Først torsdag føremiddag med den musikalske eventyrstunda «I Morgontåkedalen» som er eit tilbod til barnehagane.
Fredag på dagtid framfører Opdal «Draumar – ei reise i draumeverda», dette skjer i Kulturskulesenteret sin konsertsal og er eit tilbod til skulane (1.–4. klasse).

Fredag kveld held Opdal og bandet Sambando 6 konsert i Festsalen og byr på fyrrig samba, funky rytmar og ein passeleg dose jazz.

Nokre av musikarane er òg involvert i ein danse- og tromme-workshop i Kulturskulesenteret laurdag ettermiddag. Dette er eit tilbod til ungdom mellom 10 og 14 år.

Husnes Jazzklubb står bak to konsertar laurdag kveld.

Biblioteket er som vanleg eit viktig bein å stå på for festivalen. Her blir det mellom anna såkalla nonsenspoesi ved Teater Fusentast som framfører den musikalske dokketeaterforestillinga «Katta og andre strofer» både fredag og laurdag. Biblioteket byr elles på tryllekunstnaren Andini og utstillinga «Eventyrlege dokker» ved dokkemakar Britt Kjellesvik Rage frå Tysnes.

Senioruniversitetet arrangerer historisk seminar fredag føre- og ettermiddag. Grunnlovsjubileet er i søkjelyset og Bergen Kystlag vil fortelja om reisa til Eidsvoll via Lærdal. Kvinnherad-venen Frank Aarebrot kåserer om Grunnlova, medan bokaktuelle Tor Bringedal frå Herøysundet tar det heile ned på lokalt plan.

Dette er berre noko av det innhaldsrike programmet under Kvinnherad Kulturfestival 2014, som går over same leisten som før – frå torsdag 13. til søndag 16. februar.

Send tekst og bilde «

Vi vil gjerne høyra om smått og stort som går føre seg i Kvinnherad. Hjelp oss å vera overalt!

Artikkeltags