Samarbeidet starta med at Rosendal skulekorps sendte førespurnad til Ohio om å få til noko i Rosendal.

– Etter å ha «sparra» saman fann vi ut at vi verkeleg burde klina til viss vi først skulle gjera dette, og bestemte oss for å skapa eit heilt unikt arrangement. Vi veit det er eit litt hårete mål, men det fiksar vi viss lokalsamfunnet stiller opp. Dette skal smella skikkeleg, seier Hans Olav Ingholm, som speler saman med brørne Sebastian og Tobias Lamberg Torjusen frå Kvinnherad i pop/funk-bandet Ohio. Dei andre i bandet er Jørgen Lund Karlsen, Sebastian Sletten Eide, Stig Espen Hundsnes og ikkje minst lydmann Erik Ingebretsen som får bandet til å låta så bra.

Med på samarbeidet er også A- og B-laget til Rosendal musikklag, med nærmare 50 musikarar. Skulekorpset har rundt 30.

– Dette blir ein stor produksjon med veldig mange involverte, både gutar, jenter, menn og damer frå åtte til åtti år. Alle får delta, her er ingen «innbytarbenk»! seier Kristin Lamberg i musikklaget.

Seminar

Skulekorpset, musikklaget og Ohio får nok ikkje øvd så mykje saman før generalprøven, og må framover førebu seg kvar for seg. Men siste helga i april arrangerer dei seminar i lag i Rosendal:

– Det blir ei god oppvarming for oss, og då vil vi få vita korleis vi ligg an. Vi i Ohio får mange spennande speleoppdrag no i vaksen alder, men det hadde vi jo aldri fått sjans til hadde vi ikkje spelt i korps i barne- og ungdomsåra! Det er kult å driva med musikk, og det er viktig å læra dei unge som kjem etter oss nokre triks og inspirera dei til å halda fram med spelinga, seier Ingholm.

Gjengen lovar at all musikken publikum får høyra på konserten er ny, i alle fall for kvinnheringane. Karane i Ohio skal skriva musikk spesielt for denne konserten.

– Korps går i bølgjer, og no rir vi ei god ei. No er faktisk problemet at vi ikkje har nok instrument til alle som vil spela! Med denne konserten vil vi visa kor moro det er å spela musikk saman med andre. Adrenalinkicket du får av applausen når du står på scena er så givande, og det vil vi at fleire skal få oppleva. Vi vil gjera bygda og kvinnheringane stolte med denne konserten, smiler Lamberg.

Musikarane håpar at både lokalsamfunnet og næringslivet vil støtta opp om konserten.

– Bli med oss og lag tidenes kulturfest i Rosendal! lokkar den blide gjengen.