Dyktig lærartrio frå KVV imponerte på konsert for Vangssago

Denne trioen kan meir enn å undervisa ungdom på KVV. F.v. Runa Isene, Øyvind Sture og Hilde Svalbjørg.

Denne trioen kan meir enn å undervisa ungdom på KVV. F.v. Runa Isene, Øyvind Sture og Hilde Svalbjørg. Foto:

Artikkelen er over 2 år gammel

Lærartrioen «Hør» var blant dei lokale musikarane ein kunne oppleva då Interesselaget Vangssago inviterte til den årlege konserten laurdag.

DEL

– Vi har mange dyktige lokale artistar i Kvinnherad. Tidlegare har vi hatt kjende namn som Toralv Maurstad og Sven Nyhus, men i år ville vi satsa lokalt.

Det seier Terje Hellingsrud, styreleiar i Interesselaget Vangssago. Laurdag heldt dei den ellevte konserten ved saga i Steinparken i Rosendal.

– Arrangementet er for å få litt fokus på saga og området rundt. Inntektene vert brukte til å finansiera drifta av saga, og til å driva sagedagane vi har i juli og august, fortel Hellingsrud.

Rundt 60 personar var til stades under konserten, og konferansier Morten Nygård leia publikum fint gjennom det varierte programmet.

Konsertane har tidlegare vore arrangerte ute, men då vêret såg trugande ut laurdag føremiddag, valte dei i år å ha både publikum og artistar under tak på saga. Dette viste seg å vera eit godt val, då det begynte å striregna berre ti minutt inn i konserten.

Først på programmet var trioen «Hør». Hør består av Øyvind Sture på gitar og som hovudvokalist, Runa Isene på fiolin og vokal, og Hilde Svalbjørg på piano og vokal. Dei er alle kollegaer og lærarar ved Kvinnherad vidaregåande skule. Trioen spelte velkomponerte melodiar med djupe tekstar av Sture. Det var ein vakker kombinasjon av bestemt, men mjuk, fiolin, og til tider sår og rørande vokal. Konserten hadde fått namn etter ei av visene til Sture: Under himmel over hav.

Runa Isene spelte også fiolin ilag med Eva Megyesi på piano. Publikum fekk då høyra klassisk musikk av Schumann, Massenet og Beethoven.

– Vi har kalla oss Duo Romantica, fordi vi er så glade i romantisk musikk, fortalde Isene.

Og to av stykka dei spelte var vakre romansar med eit dramatisk midtparti – ikkje heilt ulik oppbygginga av eit kjærleiksforhold, meinte Isene.

Rosendal songlag med dirigent Megyesi framførte både norsk folkemusikk og innslag frå musikalar. Dei spreidde godt humør, og fekk med seg publikum på allsong to gonger i løpet av konserten. Først i kanon av «Hanen stend på stabburshella», og til sist for å avslutta konserten med «Millom bakkar og berg».

– Konserten var ein suksess, vi har fått mange positive tilbakemeldingar, seier Hellingsrud.

Send tekst og bilde «

Vi vil gjerne høyra om smått og stort som går føre seg i Kvinnherad. Hjelp oss å vera overalt!

Artikkeltags