Gå til sidens hovedinnhold

Salmekveld i Ølve kyrkje

Artikkelen er over 13 år gammel

Fyrstkomande sundag vert det salmekveld i Ølve kyrkje. Salmekvelden har som tema den store nynorske salmediktaren Elias Blix.

Han har skrive mange kjende og kjære salmar. Ein kan nemna «Himmelske Fader», «Med Jesus vil eg fara», «No livnar det i lundar» og «Gud signe vårt dyre fedreland». Organist Reidar Algerøy vil fortelja om livssoga og salmane hans. Det vert også mykje allsong der vi syng salmar av Blix. «Kor i Ølve» deltek som forsongarar. Dei har også ein eigen avdeling. Etterpå sørgjer soknerådet for kaffi og kaker i den nyinnreidde kroken bak i kyrkja. Alle er velkomne til ei triveleg og lærerik stund i Ølve kyrkje.

<b>RA<b>