Shanty-singel

Slik ser singelomslaget ut.

Slik ser singelomslaget ut.

Av
Artikkelen er over 9 år gammel

Dei maritime songarsjarmørane i Storm Weather Shanty Choir er klare for eit originalt singelslepp.

DEL

Gå hausten i møte - BERRE 88 kr for 8 veker med papiravisa og alt innhald på nett

Inspirert av Paul McCartney, Prince og Colplay, går singelen ut fredag 6. juni via avisa Sunnhordland. Slik kjem «Drunken Sailor» ut i heile 8.000 eksemplar.

Koret har base på Stord, og medlemene er for tida Håkon Vatle, Ronny Sætre, Rune Nesse, Vidar Vedå, Roald Kaldestad og Gisle Østrem.

Singelen inneheld to versjonar av «Drunken sailor», den eine med kultartisten Dave Cloud som har ei stemme i Tom Waits-avdelinga.

Begge versjonane må spelast på full guffe. Først då kan det minna om den herlege opplevinga det er å høyra og sjå koret i levande live. Konsertane med Storm Weather Shanty Choir gir nemleg garantert flassfri bakoversveis og eit minne for livet og opp.

Musikkmeldar Einar Engelsen i BT har skrive det svært så treffande: «Det skal virkelig et godt rockeband til for å toppe et shantykor fra Leirvik».

Artikkeltags