Det er Utåker Musikklag som byr inn til bygdafest i samband med at korpset rundar 40 år 9. november.
– Medlemene og styret feira jubileet med tur til Villmarksenteret i Skånevik i september. No vil me laga til ei feiring i form av ein open bygdafest, seier leiar i Utåker Musikklag, Oddvin Heimvik.
Kva tid billettsalet startar er ikkje heilt avklara, men Heimvik forsikrar at det blir lagt ut billettar for sal.
Tilegare i år har sjantifantane gjesta både Sunde og Mauranger. Under Kystkulturdagen på Sunde var Kvinnheringen til stades, og koret heldt ein flott og variert konsert: Frå stemningsfulle balladar til sjøsprøytsjanti med skum på toppane.
Konserten i sommar var ein del av lanseringsturneen for plata «Way Hey (and away we’ll go)». Under haustens turné vil Storm Weather Shanty Choir presentera høgdepunkt frå heile sin snart ti år lange historie.
Turnéplanen ser slik ut, og Utåker har lurt seg inn på ei eksklusiv liste:
11.11.09: Bergen, Madam Felle.
12.11.09: Trondheim, Familien
13.11.09: Tromsø, Driv
14.11.09: Oslo, Herr Nilsen
19.11.09: Stavanger, Checkpoint Charlie
20.11.09: Haugesund, Høvleriet
21.11.09: Bømlo, Amfisalen, Moster Amfi (akustisk)
22.11.09: Kvinnherad, Utåker Bygdahus.