Sjekk det gliset

Einar Holmefjord sin Lingenfelter Corvette C6 gjekk heilt til topps i vårmønstringa.

Einar Holmefjord sin Lingenfelter Corvette C6 gjekk heilt til topps i vårmønstringa. Foto:

Artikkelen er over 9 år gammel

www.kvinnheringen.no: Tonnevis med krom og titusenvis av hestekrefter på dagens vårmønstring på Torgplassen, Husnes.

DEL

– Eg har aldri opplevd maken til tilstrøyming av køyretøy til vårmønstringa som det vi har i dag, seier leiar i Amcar Kvinnherad, Kjetil Jekteberg.

Med ein himmel blank som nypussa krom arrangerte Amcar Kvinnherad den årvisse vårmønstringa. I år var stemneplassen lagt til Torgplassen, ein stad som skulle visa seg å vera heilt perfekt for arrangementet.

Mange skodelystne og over 100 køyretøy tok oppstilling i løpet av føremiddagen. Her fann vi nokre juvelar, både på to og fire hjul, som gnistra forførerisk i sola og tiltrekte seg eit imponert publikum.

Det var ingen ting å seia på utvalet. Noble amerikanske overklassebilar, amerikanske 60-talsmusklar, italienske hissigproppar og bobler.

Polert lakk og krom skein om kapp med sola.

– Det er eit flott utval og eit høgt nivå på årets mønstring, seier Stein Bjarte Kaldestad.

Saman med Stian Wang og Joakim Bjørge hadde han fått den vanskelege oppgåva med å plukka ut prisvinnarane på mønstringa.

Ikkje uventa vart det Einar Holmefjord med sin Lingenfelter Corvette C6, 2006-modell som vann klasse 1. Ein diamant av ein bil som trekte publikum til seg under heile mønstringa.

I klasse to var det kvinnheringen Kjetil Reime som gjekk til topps. medan Richard Haugland gjekk til topp i motorsykkelklassen med sin Harley Davidson.

Les meir frå vårmønstringa i papiravisa måndag.

Send tekst og bilde «

Vi vil gjerne høyra om smått og stort som går føre seg i Kvinnherad. Hjelp oss å vera overalt!

Artikkeltags