Elevane har teke regien

DESTRUKSJON: Elevane ved kunstlinja og teaterlinja planlegg performancekunstframsyning med destruksjon som utgangspunkt. Frå venstre: Eli Hårklau, Amanda Niazi Bjørsvik, Malin Urhaug, Camilla Trosterud, Birk Ljungfeldt og Ragnhild Kvist Simonsen.

DESTRUKSJON: Elevane ved kunstlinja og teaterlinja planlegg performancekunstframsyning med destruksjon som utgangspunkt. Frå venstre: Eli Hårklau, Amanda Niazi Bjørsvik, Malin Urhaug, Camilla Trosterud, Birk Ljungfeldt og Ragnhild Kvist Simonsen.

Artikkelen er over 1 år gammel

Enorme kjærleiksbrev, destruktiv performancekunst, nye dataspel og rocka musikk – haustprosjektveka til folkehøgskulen står i kreativiteten sitt teikn. Søndag vil elevane visa fram det dei har laga.

DEL

Kvart år har elevane ved Sunnhordland folkehøgskule eit eige haustprosjekt, der dei jobbar på tvers av linjene og får fløyma over av kreativ skaparglede. Prosjektet varar i ei veke, og siste dagen av veka opnar skulen opp for publikum slik at alle som vil kan få sjå kunst i ulike formar som elevane har skapt på berre sju dagar.

– Under denne veka er det elevane som styrar, medan vi lærarane fungerer som rettleiarar og hjelparar. Då jobbar dei slik som dei vil gjennom dagane, og førstkomande søndag ettermiddag viser dei seg fram for publikum, fortel teaterlærar Eli Hårklau.

I alle rom på skulen har dei 97 folkehøgskuleelevane jobba på gjennom veka for å førebu seg. Då Kvinnheringen var innom onsdag, var dei enno tidleg i prosessen, men verka godt førebudde. Kunstelevane og teaterelevane jobba saman om eitt prosjekt, og hadde fått stikkordet «destruksjon» å jobba ut frå.

– Så det vi gjorde då vi fekk oppgåva, var å bestemma oss for å jobba med øydelegging av ein identitet og oppbygging av ein ny, fortalde elev Birk Ljungfeldt på teaterlinja.

Dei førebudde ulike performanceframsyningar ut frå ideen. Saman med framsyninga skal det veksa fram kunstskulpturar, laga av ulike element som elevane samlar inn.

– Korleis er det å jobba med haustprosjektet?

– Utruleg spennande og kjekt. Det er så kult å få jobba kreativt på tvers av linjene, fortalde Camilla Trosterud.

– Korleis likar de dykk på Sunnhordland folkehøgskule?

– Heilt ubeskriveleg godt! Dette er faktisk mitt andre år her, så godt trivst eg. Her er det sosialt, lærarane er flinke og det er alltid noko som skjer, smilte Ljungfeldt.

I tillegg til kunst- og teaterframsyning, blir det mellom anna høve til å prøva heilt nye dataspel, skapt og designa av elevane frå linjene speldesign og game art. Også musikklinjeelevane og elevane på linja musikkproduksjon samarbeider i haustprosjektet, og øvde denne veka på livemusikk, samt at dei spela inn i studio.

– Her blir med andre ord mykje spennande for alle sansar på søndag. Vi håpar så mange som mogleg vil ta turen innom, helste Hårklau og elevane.

Send tekst og bilde «

Vi vil gjerne høyra om smått og stort som går føre seg i Kvinnherad. Hjelp oss å vera overalt!

Artikkeltags