I konkurranse med hundrevis av deltakarar vann webserien «Halsnøy» prisen «The Industry Panel Award» under UK Web Fest i London sist helg. UK Web Fest er ein heilt ny festival som har som mål å samla dei beste webseriane frå heile verda. Her møtest filmskaparar for å bli kjent med andre og for å visa produktet sitt til profesjonelle aktørar i filmbransjen. Slagordet til festivalen er «Be Seen, Be Heard, Create», fortel Mona Økland som er lærar ved folkehøgskulen.

Tidlegare har serien òg vore nominert som «Best Web Series» på Sunscreen Film Festival West og som «Best Suspense/Thriller Series» på Miami Web Fest.

I London

Alle dei medverkande i thrilleren «Halsnøy» var elevar på linja for Teater & film på Sunnhordland folkehøgskule 2014/15, med Eirik Daleng som leiar for prosjektet. Forutan å filma på skulen, filma dei òg på Halsnøy Kloster og på Harastølen sanatorium i Luster. Produksjonen blei starta i november 2014 og tok sju månader å fullføre, opplyser Økland.

«Halsnøy» er ein thrillerserie om eit mentalsjukehus som skjuler ein veldig mørk løyndom. Her møter vi Theo som startar å jobba på Halsnøy Mentalsjukehus som psykolog. Litt etter litt byrjar merkelege ting å skje, og snart skal dei tilsette verkeleg få føle frykta for sine liv.

Serien er å sjå på youtube.