Sommarrevy 7. juni

Anne Marith Sandhåland blir å sjå under sommarrevyen på Husnes. (Pressefoto).

Anne Marith Sandhåland blir å sjå under sommarrevyen på Husnes. (Pressefoto).

Artikkelen er over 5 år gammel

Premiere på årets sommarrevy på Husnes blir under Husnesdagane.

DEL

Revypremieren blir under Husnesdagane, og nytt i år er det at storparten av artistane som skal på scena blir henta utanfrå. Det vil seia at berre Arne Torget er frå Kvinnherad av artistane på scena, medan dei andre kjem frå andre stader på Vestlandet. Men dei som fryktar at det ikkje blir lokale innslag i revyen, dei treng ikkje vera redde.
– Vi har følgt bra med på det som skjer i kommunen og det blir ein salig blanding av innslag med både nasjonal og lokal vri, lovar Kurt M. Johansen, som regisserer revyen.

Om få av artistane er frå Kvinnherad, så er halvparten av bandet som skal hjelpa til musikalsk frå vår kommune. Revyen har premiere laurdag sjuande juni og vert spelt dei to neste helgane, totalt fem framsyningar.

– Vi har plass til 300 kvar gong, og med litt færre oppsetjingar enn før er det berre å skunda seg, seier Geir Jakobsen, som trekk i trådane for å få revyen på beina.

Jakobsen er særs godt nøgd med artistane dei har fått med seg.
– Det er svært drivne revyfolk heile gjengen, og eg trur kvinnheringane verkeleg vil ha noko å gleda seg til, seier Jakobsen.

Årsaka til at ein har vore nøydde til å trekkja ut av kommunen for å få artistar er at ein ikkje har kapasitet nok sjølv på revyfronten.
– Difor har vi valt å gjera det slik, og det trur eg blir særs bra. Gjennom tidene har eg delteke på revyar med dei fleste av dei som er med, og det er ein artig gjeng, garanterer Jakobsen.

– Eg er overbevist om at kvinnheringane skal få veldig mykje å skratta av desse kveldane.

Revyen blir same teltet som i fjor og den blir spela på Torgplassen på Husnes.
– Revyen skal passa for alle aldrar mellom 18 og 100 år, hevdar senterleiaren. Som i fjor er det Peppes som har fått ansvar for både billettsal og servering.

Gler oss
Regissør Kurt Johansen seier vi kvinnheringar kan venta oss ein revy full i variert humor.
– Det blir Stand Up, med mykje lokalt stoff, rollefigurar og parodiar, av alt frå Vamp til Ole Ivars og Tina Turner.
– Vi ser for oss eit festleg lett sommarshow me mykje av det beste av det vi har gjort, seier Jakobsen.

Artistane:
Arne Torget: vår eigen stunpoet og humorist kjem og vil nok tradisjonen tru stilla med slagferdige dikt om mange av dei som prøver å få med seg revyen.

Lasse Pedersen: Han var med og starta Tre Busserulls på 70-talet og har spelt revy med kjende artistar som: Arve Opsahl, Jon Eikemo, Kenneth Sivertsen, Gunnar Andersen og Løgnaslaget og mange fleire. Han har skrive og delteke på tallause revyar opp gjennom tidene.

Marion Zahl: Ei ung dame, som i 2000 starta revygruppa Svigermors mareritt. Ho har delteke under revyfestivalen på Fitjar, og henta fleire prisar for sine bidrag på scena. I Kvinnherad har ho og delteke under Søralrevyen. Ho er aktiv komikar og mykje på farten heile året!

Anne Marith Sandhåland: Allsidig komikar som har utarbeidd rollefigurar som aldri går av moten. Humoren hennar er omtala som jordnær kvardagshumor som folk flest kjenner seg igjen i. Ho har vore med på veldig mange revyproduksjonar i Rogaland og Hordaland, og har vore nærast fast inventar på Stord og Fitjar-revyane.

Synth å le: Dei to siste artistane er duoen Synth å le, og består av Kurt M. Johansen og Bent Stølås frå Karmøy. Heilt sidan 1986 har dei jobba saman med ulike humorshow. Dei har samarbeidd med ei rekkje større artistar og har vore å sjå både titt og ofte på tv. I dag er mellom anna Kurt Johansen ein del av Busserulls, med Gunnar Andersen.

Musikarane: Musikkarane som blir med er kapellmeister Bent Stølås, Geir Jakobsen –bass, Remi Sjo, trommer, Frode Johansen, gitar, og Renate Haugs som vil vera med å leia allsongen.

Send tekst og bilde «

Vi vil gjerne høyra om smått og stort som går føre seg i Kvinnherad. Hjelp oss å vera overalt!

Artikkeltags