Dette vert tredje gongen Dønhaugkjedlaren har vitjing av denne folkekjære artisten, og i ei pressemelding går det fram at vertskapet er stolte over at han har valt å leggja turen til oss nokre dagar etter «sleppet» av det nye albumet, «I levande livve».

Trass i at han har vore ein turnerande artist i snart 30 år, har han berre gjeve ut 10 studioalbum i løpet av alle desse åra. Nyleg kom han med sitt fyrste konsertalbum.

Olav Stedje har fått både spelemannspris og heile seks sølvplater for platene sine, og er blitt ein av våre folkekjære artistar. No i haust blei han tildelt Medaas-prisen. I grunngjevinga for prisen vart det lagt vekt på at Stedje, til liks med Ivar Medaas, legg vekt på å få fram den lokale dialekta si i tekstane og musikken han formidlar.