Dei tre eigarane av SPAR Uskedalen utfordrar sambygdingar og andre spreke kvinner til å børsta støv av stiletthælane og melda seg på, heiter det i ei pressemelding frå dei spreke butikkdamene.

Sjølve kappløpet skal skje på kaien i Uskedalen. Dei påmeldte må springa 300 meter. Ikkje med piggsko, men med sko utstyrt med stiletthælar på minimum 9 cm.

Tanken bak arrangementet er å skapa liv og røre i bygda. Dagleg leiar ved butikken, Bente Nilsen, ønskjer å laga til eit artig og uhøgtidleg arrangement for folk i alle aldrar.

– Det er første gong eit løp av ein slik karakter blir halde her i kommunen. Vi håpar flest mogeleg melder seg på for å kjempa om førstepremien som mellom anna er ein sjekk på 10.000 kroner, uttalar Nilsen i pressemeldinga.

I tillegg lovar arrangøren ulike overraskingar i løpet av dagen.