Svein Nyhus på biblioteket

Forfattar og illustratør Svein Nyhus stiller ut teikningar på biblioteket. Torsdag var han på besøk og las og teikna for ungane.

Forfattar og illustratør Svein Nyhus stiller ut teikningar på biblioteket. Torsdag var han på besøk og las og teikna for ungane.

Artikkelen er over 4 år gammel

Torsdag var illustratør og barnebokforfattar Svein Nyhus på besøk på Kvinnherad bibliotek.

DEL

Lokale nyheiter - 5 kr for 5 veker

Han var der for å opna ei utstilling med eigne illustrasjonar på hemsen i biblioteket. Teikningane er frå bildeboka «Snill» som han har laga saman med kona Gro Dahle. Då Kvinnheringen stakk innom var 1. og 2. trinn på Skarveland skule og 1. trinn på Halsnøy skule gjester. Nyhus tok sjølv imot klassane med stort engasjement og følgde dei opp på hemsen, før han byrja å lesa frå boka medan han bevegde seg rundt i utstillinga.

Boka handlar om vesle Lussi, som er så flink og snill og veloppdragen og pen at ho ein dag forsvinn. Ingen kan sjå eller høyra ho.

– Eg håpar ikkje det er nokon her som er så snille at dei ikkje tør å seia noko! Det er lov å ha si eiga stemme, sa Nyhus. Boka passar godt til årets 100-årsjubileum for kvinner sin stemmerett.

Nyhus var morosam, livleg og fengja ungane utan problem. Han viste også teiknekunstane sine på ei tavle, og ungane fekk hjelpa han å laga ein heilt ny karakter. Ungane lo ekstra godt då han teikna på seg hår på issen med tavletusjen! Nyhus avslutta med å visa eit enkelt, men effektivt, tryllenummer – nemleg at han kunne dela tommelen sin i to!

Artikkeltags