Sydlandsk i Rosendal


TOPP STEMNING: Det var topp stemning både rundt matbordet og ute på maknadsplassen under Mat & Kunstfestivalen.

TOPP STEMNING: Det var topp stemning både rundt matbordet og ute på maknadsplassen under Mat & Kunstfestivalen.

Artikkelen er over 5 år gammel

Mat & Kunstfestivalen vart ein dundrande folkefest.

DEL

Gå hausten i møte - BERRE 88 kr for 8 veker med papiravisa og alt innhald på nett

Laurdag vart rolege Rosendal omgjort til ein sydande marknadsplass. Frå tidleg morgon til seine ettermiddag strøymde folk til festivalen. I Skålagato var det til tider trengsel, og på marknadsplassen i Skålafjøro var det sydlandsk stemning, der det surra i dialektar frå fjern og nær. Midt i folkehavet stod den rotekte Telemark-kokken, Bodil Norjore, og vår eigen meisterkokk, Beate Hannisdal, i full gang med grilling av lam og kvalkjøt. I dei mange bodene kunne folk handla både kortreist og langreiste matprodukt.

Dei mange utstillarane hadde godt besøk av folk heile dagen.

Ingen frå arrangøren kunne laurdag svara oss på kor mange som hadde løyst billett til festivalen. Men smila fortalde oss at dette nok gjekk mot publikumsrekord.

– Dette var eit svært opplegg, sa ein imponert Agnar Skarveland.

75-åringen hadde teke turen frå Sandvoll til Rosendal for å delta på Mat & Kunstfestivalen for første gong.

Artikkeltags