Film blir teater på folkehøgskulen

Frå øvingane førre veke. F.v. Anna (Hanna Ocide Kidula) og Elisabeth (Nanna Lundevall). (Foto: Sunnhordland Folkehøgskule).

Frå øvingane førre veke. F.v. Anna (Hanna Ocide Kidula) og Elisabeth (Nanna Lundevall). (Foto: Sunnhordland Folkehøgskule).

Artikkelen er over 4 år gammel

13. mars inviterer Sunnhordland folkehøgskule til premieren på den store teatersatsinga dette året.

DEL

Alle dei 90 elevane på folkehøgskulen jobbar på spreng for å bli klare til årets teater. Denne gongen er det den svenske filmen Tilsammans som er utgangspunkt for oppsetjinga søndag 13. mars. Filmen er skriven om til teaterversjon av skulen sin eigen dramalærar, Eli Hårklau, går det fram av pressemeldinga frå skulen.

Filmen er laga i 1975 og handlar om Elisabeth som flyttar frå ein alkoholisert mann og inn i bukollektivet til broren Gøran. Ho tar med seg døtrene Eva og Stella. Frå før bur det høgst ulike personlegdomar i kollektivet, og dei nyinnflytta finn det vanskeleg å tilpassa seg det nye miljøet. Kjøt er forbode, tilhøva eksperimentelle og politiske diskusjonar hyppige.  

– Historia handlar om korleis folk forandrar seg når verdiar og veremåtar vert utfordra, heiter det i pressemeldinga om stykket som bringar publikum tilbake til 70-talet.

– Her blir det gode gamle svisker, live-slagerar, humor og ei førestilling du seint vil gløyma, lokkar skulen med.

Stykket passar best for unge og vaksne. Etter premieren er det planlagt ein miniturné til Fana og Voss. 

Send tekst og bilde «

Vi vil gjerne høyra om smått og stort som går føre seg i Kvinnherad. Hjelp oss å vera overalt!

Artikkeltags