Teater for heile familien

MAGISK: Georg lagar ein magisk medisin for å gå bestemora si ein lærepenge! Pressefoto.

MAGISK: Georg lagar ein magisk medisin for å gå bestemora si ein lærepenge! Pressefoto.

Artikkelen er over 1 år gammel

I kveld kan du ta med deg familien og sjå «Georgs magiske medisin» i Kulturhuset Husnes.

DEL

Bestemor til Georg er ikkje som andre søte og snille bestemødrer. Ho er nifs og syt og klagar og knurrar og bråkar og blandar seg opp i alt mogeleg. Georg vil gi henne ein lærepenge. Så når ho skal få medisinen sin, lagar han ein boblande, frådande, magisk medisin, som garantert vil senda henne gjennom taket.

Roald Dahl er ein forfattar i særklasse og har skapt ei verd av uut-tømeleg fantasi. Han var alltid på borna si side, og lét aldri eit høve gå frå seg til å sparka dei som sparkast bør, dei maktsjuke, arrogante, autoritære og dømmande. Vaksne, sjølvsagt. Men først og fremst får han oss til å le. Og grøssa. Og bli litt skremt (i alle fall ei lita stund til alt blir bra igjen). Og så le enno meir. Hans utrulege forteljingar har gitt stoff til internasjonale storfilmar så vel som fargerike musikalar og fengande barneframsyningar.

Når Riksteatret tar «Georgs magiske medisin» til scenen, engasjerer me regissør og dramatikar Morten Joachim, som også satte opp Doktor Proktors prompepulver. Han lovar ei framsyning med mykje musikk og magi, som involverer barna og tar fantasien til ungane på alvor. Med Georgs magiske medisin skal han setja alt på hovudet og slå seg laus på barna sine vegner – heilt og fullt i Roald Dahl sin tradisjon.

Teateret passar for barn frå 5 år, og er produsert av Riksteatret i samarbeid med Sogn og Fjordane Teater og Haugesund Teater.

Send tekst og bilde «

Vi vil gjerne høyra om smått og stort som går føre seg i Kvinnherad. Hjelp oss å vera overalt!

Artikkeltags