Teikna dragar

Illustratør Øyvind Tumyr lærte ungar og vaksne å teikna drage.

Illustratør Øyvind Tumyr lærte ungar og vaksne å teikna drage.

Artikkelen er over 4 år gammel

På biblioteket sin sommarbokfest lærte illustratør Øyvind Tumyr ungane å teikna ein drage.

DEL

Lokale nyheiter - 5 kr for 5 veker

Onsdag laga Kvinnherad bibliotek til fest for ungane som har vore med på sommarlesekonkurransen. I løpet av sommaren har ungane lese fleire bøker, og onsdag fekk dei diplom for innsatsen. Det blei også trekt bokpremiar og kinobillettar. Biblioteket hadde også invitert forfattar Irene Hantveit og illustratør Øyvind Tumyr. Dei står bak barnebøkene om søskena Truls og Mia. «Truls og Mias Elleville Flytur» blei gitt ut hausten 2011 og bok nummer to «Truls og Mia – Reiser på ferie» kom i fjor haust. No er tredje bok klar; «Truls og Mia om høsten».

– Dei to første bøkene er meir «opplevingsbøker», den tredje er både fakta- og opplevingsbok, fortel Irene.

– Vi lagar bøker for å auka leselysta hos ungar, legg Øyvind til.

Irene dramatiserte og las frå bøkene med stor innleving, og tok ungane med. Blant anna demonstrerte ho kor mange ungar som må til for å koma opp i same vekt som ein bjørn, og ungane fekk vera med på flytur der flyvertinna laga gigantiske is, hotdogs og bursdagskaker. Medan Irene fortalde stod Øyvind ved sida av og teikna, og etterpå lærte han ungane på bokfesten korleis dei også kunne teikna ein drage.

Artikkeltags