Etterlyser tilflyttarane

I fjor var det tre år gamle Darius som tok imot den store sjekken av ordførar Synnøve Solbakken, saman med broren Ianis (5) og mamma, Angelica Bodea. (Arkivfoto: Thor Inge Døssland, Uskedalen.no).

I fjor var det tre år gamle Darius som tok imot den store sjekken av ordførar Synnøve Solbakken, saman med broren Ianis (5) og mamma, Angelica Bodea. (Arkivfoto: Thor Inge Døssland, Uskedalen.no).

Artikkelen er over 3 år gammel

Tysdag kveld vert 216 nyinnflytta kvinnheringar invitert til fest i Kulturhuset på Husnes, men så langt har berre 10 meldt seg på.

DEL

– Så langt er det berre 10 av tilflyttarane som har meldt seg på, og vi har plass til mange fleire, seier Karin Thauland, næringsrådgjevar i Kvinnherad kommune.

På samlinga er det mellom anna trekking av tilflyttarpris på 10.000 kroner, og gåvekort som skal delast ut.

Thauland seier kommunen i utgangspunktet ikkje har lyst å avlysa, og håpar fleire vil melda seg på. Dei som vil vera med kan ta kontakt med Thauland.

Kvinnherad Kommune og Kvinnherad Næringsservice inviterer dei som har flytta til Kvinnherad det siste året til ei samling. Dette er det sjuande året samlinga vert arrangert. Det er 216 personar som har meldt flytting til kommunen det siste året, heiter det i pressemeldinga frå Kvinnherad kommune.

Under samlinga får lag og organisasjonar presentera seg for dei som kjem, før det vert start på festen.

Ordførar Peders Sjo Slettebø og næringssjef i Kvinnherad Næringsservice, Silvia Tofte, vil tala til forsamlinga. Musikk blir det ved marimbaorkesteret til Kvinnherad kulturskule.

Send tekst og bilde «

Vi vil gjerne høyra om smått og stort som går føre seg i Kvinnherad. Hjelp oss å vera overalt!

Artikkeltags