I 2008 var kulturtilskotet på 3,8 millionar. I år kan det bli redusert til 2,5 millionar

Festivalar, samfunnshus, lag og organisasjonar kan få mindre kommunal støtte framover. Her frå Festidalen. (Arkivfoto).

Festivalar, samfunnshus, lag og organisasjonar kan få mindre kommunal støtte framover. Her frå Festidalen. (Arkivfoto).

Artikkelen er over 2 år gammel
DEL

Også kultursektoren får merka den kommunale sparekniven. På møtet 24. april skal Levekårskomiteen ta stilling til Rådmannen sitt forslag om å spara nær 800.000 kroner på tilskot til kulturtiltak. Dette vil gi mindre pengar til mellom anna lag og organisasjonar, festivalar og samfunnshus.

"Tilgjengelege midlar til tilskot har dei siste ni åra vorte reduserte med omlag ein tredel. Med ein så stor reduksjon er det ikkje realistisk å oppretthalda dei tilskotsordningane vi har i dag" heiter det i saksutgreiinga.

I 2008 var det samla tilskotet på 3,8 millionar kroner. Om Rådmannen sitt forslag går gjennom, vil summen bli redusert til 2,5 millionar kroner for inneverande år.

Send tekst og bilde «

Vi vil gjerne høyra om smått og stort som går føre seg i Kvinnherad. Hjelp oss å vera overalt!

Artikkeltags