På kulturtur med Fagforbundet

På tur: Ruth Henriksen (t.v.) og Aud Sigrun Fausk ønskjer medlemar og andre velkomne med på tur 12. september. Foto: Trude aarsand

På tur: Ruth Henriksen (t.v.) og Aud Sigrun Fausk ønskjer medlemar og andre velkomne med på tur 12. september. Foto: Trude aarsand

Av

- Velkomen til Bergsdalstunet, helsar vertsskapet.

DEL

Fagforbundet si avdeling for pensjonistar og uføre skal igjen på hjul for å gi medlemane sine gode opplevingar. Denne gongen vert kursen sett for garden Bergsdalstunet i Bergsdalen mellom Dale og Voss, der Olaug Fagerbakke og Helge Terje Fosse er vertskap. Forutan ein heil familie bur også 15 kyr, kalvar, sauer og ein del pusekattar på den opne garden. I tillegg til å driva med gardsturisme, vert det også produsert og servert kortreist mat på garden.

– Alt med hjarta for god kvalitet og gode matopplevingar, seier dei sjølve.

Lunsj blir servert i floren, der mellom anna ein vedfyrt steinomn er på plass. Nyleg vart Gamlefloren gjort om til eit triveleg kurs- og møtelokale. Korleis dei har tenkt og gjort vil gruppa frå Kvinnherad høyra mykje meir på staden. Dagen er torsdag 12. september med start frå Husnes tidleg morgon. Deltakarane går på undervegs innover mot Årsnes. Første stoppen blir ved strikkeutsalet på Dale. Heimvegen går via Voss og Hardangerbrua, så her ventar ein heil rundtur i Hardanger før bussen er på Husnes igjen utpå kvelden.

- Dette blir ein kjekk og innhaldsrik dag med gode kulturopplevingar. Så bli med oss, helsar Aud Sigrun Fausk og Ruth Henriksen.

Ikkje-medlemar får bli med så langt det er plass.


Send tekst og bilde «

Vi vil gjerne høyra om smått og stort som går føre seg i Kvinnherad. Hjelp oss å vera overalt!

Artikkeltags