Fredag kveld blei det klart at Maia Torsvik Fredheim frå Rosendal og Celina Prestnes Ersland frå Sunde begge kom vidare til neste runde i Norske Talenter. Ingen av dei blei vist på tv-skjermen, men klipp frå framføringane deira ligg tilgjengeleg på TV2 sine nettsider.
Maia imponerte dommarane og publikum med ein roleg og nedstrippa versjon av Britney Spears sin «Toxic». Celina spelte piano og song klassikaren «The house of the rising sun» av The Animals, og fekk også god respons. No blir det spennande å sjå om dei to kvinnheringane kjem vidare i dei neste rundane av talentprogrammet.