– Målet er å skapa ein sosial møteplass for ungdom

Påmeldinga til UKM den 2. februar er no i gang for ungdom som vil delta anten på scena eller i kulissane.

DEL


UKM står no for «Ung Kultur Møtest» og skal skje i Kulturhuset Husnes laurdag 2. februar. Her kan ungdommar mellom 13 og 20 år delta med det meste innanfor kultur, både på og bak scena. Det kan vera med song, musikk, dans og bildekunst, eller med å styra lyd og lys eller vera programleiarar. Her er det rom for alle, fortel UKM-koordinator Karianne Solheim som jobbar ved Kvinnherad Kultursenter:

– Målet vårt er å skapa ein sosial møteplass for unge, der dei kan oppleva meistring og utvikla talentet sitt saman med andre. Vi ønskjer å fokusera mykje mindre på konkurransebiten slik det var tidlegare, og i staden gjera dette til ein ungdomsfestival for utvikling saman med likesinna, fortel ho.

Arenaen for festivalen blir kulturhuset på Husnes, og utanom scena i kinosalen skal det vera liv i arealet utanfor biblioteket og kino-foajeen. Der blir det kiosk og aktivitetar som dei unge kan delta på utanom sjølve programmet frå scena.

Solheim har sjølv lang erfaring frå scena, og tar dessutan med seg gode verdiar frå då ho jobba med ungdom gjennom MOT.

– Eg vil gi ungdommar mot til å våga å delta, og hjelpa å tilretteleggja for dei som synest det er eit stort steg å ta. Alle som er med på UKM-festivalen får tilbakemelding frå eit fagpanel på innsatsen dei gjer, og det kan vera godt å ha med seg vidare.

Fokuset i UKM er altså ikkje konkurranse, men å få unge til å utøva kultur og få utløp for skapartrongen sin. Likevel vil fagpanelet plukka ut nokre av dei unge deltakarane som blir løna med at dei får komma vidare til fylkesfestivalen. Den skjer første helga i april på Os.

Solheim håpar Kvinnherad-ungdommen vil vera med på å skapa ein kjekk festival på Husnes.

– Det er ikkje vi vaksne som skal bestemma innhaldet – vi ønskjer at ungdommane skal delta i prosessen og vera med på å utforma arrangementet. Om nokon har innspel til kva dei ønskjer eller gode idear må dei berre ta kontakt med meg! oppmodar Solheim.


Send tekst og bilde «

Vi vil gjerne høyra om smått og stort som går føre seg i Kvinnherad. Hjelp oss å vera overalt!

Artikkeltags