Gunilla Holm Platou og Gro Mukta Holter stiller ut maleri og grafikk av fuglar.

Gunilla Holm Platou (f. 1972) er frå Sande i Vestfold og har dei siste åra jobba med utryddingstruga fuglar som motiv.
I samband med engasjementet for truga fuglar har ho samarbeidd med forskarar frå Norsk Institutt for skog og landskap og ekspertar hos WWF. Dette har ført til ei kopling av hennar bilete, informasjon, føredrag og foto.
Platou har jobba lenge med å finna ein måte å kombinera naturalistisk teikning med nonfigurativt maleri, og endeleg har ho funne fram til ein formel ho trivest med. Når ho i tillegg kan knyta kunsten opp mot naturvern kjenner ho at ho har kome fram til det optimale.

Gro Mukta Holter (f. 1976) er frå Nøtterøy og bur i Oslo. Ho er oppteken av genetikk og opphav og korleis kultur endrer vår løpebane. I kunsten arbeider ho med, og blir trekt mot, spørsmål knytt til biologi, identitet, hukommelse og lagring av minne.
Koloritt har alltid vore, og er, ein sentral faktor i kunsten hennar. Ho får ofte tilbakemelding på at fargane ikkje liknar «den typiske» norske tradisjonen. Det ligg som ei kjelde til undring; kvar kjem hennar tiltrekking til desse fargekombinasjonane og «unorske» estetikk frå? Ligg oppfatting av t.d. fargar innfelt i genmaterialet, eller er det ein del av kulturell arv?
Fuglar som tema i kunsten hennar kjem frå familien. Fleire var/er engasjerte naturvernarar, forskarar innan biologi og ornitologi med havområde og arktisk forskning som spesialområde.

Under opninga laurdag blir det musikalsk innslag av Åshild Røssland (song og piano, Joakim Olsen (bass) og Sindre Aksnes (slagverk). (Pressinformasjon)