Utstilling med tre kunstnarar

Keramikar Elisa Helland-Hansen. (Foto: Jonn Karl Sætre).

Keramikar Elisa Helland-Hansen. (Foto: Jonn Karl Sætre).

Artikkelen er over 3 år gammel

Laurdag opnar ei kunstutstilling med verk av Ian Garlant, Elisa Helland-Hansen og Lars Slettebø i samband med Haustmarknaden i Rosendal.

DEL

Lokale nyheiter - 5 kr for 5 veker

Utstillinga blir i Rosendal Kunstverkstad på Skålakaien, og består av keramikk av Elisa Helland-Hansen, trykk av Ian Garlant og ikon av Lars Slettebø. Kunstnarane skal sjølve vera til stades på ein dags-utstillinga, står det i ei pressemelding.

– Med denne utstillinga ønskjer vi også å markera at vi no vil begynna å invitera andre kunstnarar til Rosendal Kunstverkstad. Det er mange som besøkjer kunstverkstaden frå mai til august, og vi ønskjer at det i enkelte periodar på tre-fire veker skal visast kunst av forskjellige kunstnarar. Laurdag fyrer vi i omnane og ønskjer alle velkomne innom. Ta med noko godt du har kjøpt på haustmarknaden og kos deg innomhus i det vakre, verneverdige huset som tilhøyrer alle i Kvinnherad. Her kan du nyta utsikta, kunsten og livet! Slik lyder den poetiske helsinga frå Hulda Bohlin i Rosendal Kunstverkstad.

Artikkeltags