I atelieret lever Ingvar (70) ut malehobbyen sin

HJORT: Ingvar liker motivet med ein hjort i soloppgang, og skøyar med at det måtte bli dette framfor ein elg i solnedgang, sidan han trass alt bur i Kvinnherad.

HJORT: Ingvar liker motivet med ein hjort i soloppgang, og skøyar med at det måtte bli dette framfor ein elg i solnedgang, sidan han trass alt bur i Kvinnherad.

Det er ni år sidan Ingvar Pettersen hadde førre utstilling i grendehuset i Herøysund. Til helga viser han endeleg fram maleria sine igjen. – Men dette blir den siste utstillinga, seier hobbymalaren.

DEL

Dei fleste av maleria til Ingvar blir laga på bestilling, og mange gir gjerne eit maleri i gåve til runde dagar og spesielle feiringar.

– Det er rart med det, men folk ønskjer gjerne å ha eit maleri på veggen

av den utsikta dei ser kvar dag frå huset sitt, seier Ingvar.

Han var lenge i tenkeboksen før han bestemde seg for å laga til utstilling.

– No heng det sikkert maleri laga av meg i dei fleste husa her i Herøysund, så det spørst om folk har plass på veggane til meir, smiler han.

Under utstillinga vil kafeen i grendehuset vera open når Ingvar skal visa fram omtrent 25 maleri med ulike motiv. Motiva har han ofte henta medan han lever ut dei andre hobbyane sine, som fiske og jakt. På turane tar han bilete av flotte motiv, som seinare blir brukte som inspirasjon til maleria.

– Det som er spennande med maleri kontra eit fotografi, er at det berre eksisterer éin original av kvart eksemplar. Eg kan gjerne laga ein kopi, men fargekomposisjonen og penselstrøka vil aldri bli heilt like.

UTSTILLING: Ingvar Pettersen har malt i tjue år. Laurdag 30. og søndag 31. mars skal han ha utstilling i grendehuset i Herøysund for å visa fram kunstverka.

UTSTILLING: Ingvar Pettersen har malt i tjue år. Laurdag 30. og søndag 31. mars skal han ha utstilling i grendehuset i Herøysund for å visa fram kunstverka.

Hobby

I atelieret heng det fleire titals maleri, med maling og penslar i kroken der det kjem mest dagslys inn. I 1997 sette Ingvar i gang med hobbyen.

– Interessa har vore medfødd, men det er først i siste halvdel av livet eg har fått leva den ut.

Ingvar likar godt Hans Gude og motiv som var populære i nasjonalromantikken si store tid, som i Norge varte frå midten til slutten av 1800-talet.

– 95 prosent av maleria mine er av stadar i Kvinnherad. På mange er Hovlandsnuten med, for den ser du nesten frå kvar ein krinkel og krok du no enn oppheld deg i kommunen, ler Ingvar.

Det er ikkje berre motiv av fjell og utsikt hobbymalaren fangar på lerretet. Dyrelivet er også noko som fascinerer.

– Eg kan ikkje mala elg i solnedgang sidan eg bur i Kvinnherad. Men hjort i soloppgang derimot, det er noko eg satsar på, ler han og viser fram eit stort hjortemaleri.

Send tekst og bilde «

Vi vil gjerne høyra om smått og stort som går føre seg i Kvinnherad. Hjelp oss å vera overalt!

Artikkeltags