Kvinnherad Energi feirar 100 år

OPNING: Kenneth Ingvaldsen er klar for å opna utstillinga «Ein sprek hundreåring» 26. januar på biblioteket på Husnes. Her står han med straummålarar som har blitt nytta opp gjennom tida.

OPNING: Kenneth Ingvaldsen er klar for å opna utstillinga «Ein sprek hundreåring» 26. januar på biblioteket på Husnes. Her står han med straummålarar som har blitt nytta opp gjennom tida.

I løpet av året skal Kvinnherad Energi markera jubileet. Først ut er utstillinga «Ein sprek 100-åring» som opnar laurdag.

DEL

Laurdag 26. januar opnar Kvinnherad Energi utstillinga «Ein sprek 100-åring». Den vil vera i Kvinnherad bibliotek på Husnes og stå ut mars månad. Her kan ein følga historia og utviklinga til bedrifta heilt frå starten i 1919 og fram til i dag. For å gi eit innblikk i historia, er det hengt opp kollasjar med bilde frå drifta det siste hundreåret.

KOLLASJ: Ein kan sjå historia og utviklinga til Kvinnherad Energi på kollasjar som skal bli hengde opp rundt i lokalet. Her ser vi Kenneth Ingvaldsen (t.h.) og Roy Vaulen. Sistnemnde har vore ansvarleg for å skriva ut dei store kollasjane.

Det aller første montørutstyret som vart nytta og straummålarar er stilte ut, i tillegg til det nyare utstyret som har teke over i seinare tid.

– Både utstyr og arbeidsmetodar har utvikla seg i løpet av hundre år, smiler Kenneth Ingvaldsen som er prosjektleiar for jubileet.

STOLPESKO: I utstillinga kan ein sjå dei aller første stolpeskoa som montørane brukte for hundre år sidan.

STOLPESKO: I utstillinga kan ein sjå dei aller første stolpeskoa som montørane brukte for hundre år sidan.

Skulane i Kvinnherad har også deltatt i utstillinga:

– Vi utfordra skulane i Kvinnherad til å laga modellar for å illustrera historia, og nokre skular har tatt utfordringa på strak arm, seier Ingvaldsen, og peikar på eit stearinlys som står heilt i starten på ei kraft-tidslinje elevane ved Skarveland skule har bygd.

I tillegg skal det settast opp eit hus i utstillinga, ein konstruksjon tømrarlinja ved KVV har hjelpt til med. Utanfor huset vil det vera ein stolpe, og leidningar vil gå frå stolpen og inn i huset for å gi straum og nett til ein TV som skal ha levande bilde gjennom heile utstillinga.

Kake og musikk

Sjølve opninga førstkommande laurdag vil by på underhaldning med kulturelle innslag frå strykeorkester frå kulturskulen. Tidlegare administrerande direktør for bedrifta, Terje Enes, har fått æra av å halda opningstalen.

– Vi gler oss til utstillinga, og vil gjerne oppmoda skuleklassar om å ta kontakt om dei ønsker å komma på omvising, avsluttar Ingvaldsen.

KVINNE: – Her ser vi den første kvinnelege montøren, Kristina Bakka, i Kvinnherad Energi. Ho er ein tøffing, smiler Ingvaldsen.

KVINNE: – Her ser vi den første kvinnelege montøren, Kristina Bakka, i Kvinnherad Energi. Ho er ein tøffing, smiler Ingvaldsen.

Resten av året

I tillegg til utstillinga vil Kvinnherad Energi vera å sjå i lokalsamfunnet det kommande året. Dei vil saman med Kvinnherad Breiband ha standar rundt om i kommunen. Kvinnherad Energi vil også halda konsert i samanheng med Omstock-festivalen i juni. Dei tenker vidare å laga ein reklamefilm for å reflektera mangfaldet i kultur- og idrettslivet i Kvinnherad, samt at dei vil vera sponsorar av kulturelle hendingar som blant anna GaaPaa sitt «Pink-Floyd»-prosjekt.

Send tekst og bilde «

Vi vil gjerne høyra om smått og stort som går føre seg i Kvinnherad. Hjelp oss å vera overalt!

Artikkeltags