Valen på museum

Med far Konrad i ryggen takka den tidlegare overlegen, Tjerand Lunde, for museet. I retur fekk han stor applaus.

Med far Konrad i ryggen takka den tidlegare overlegen, Tjerand Lunde, for museet. I retur fekk han stor applaus.

Artikkelen er over 8 år gammel

www.kvinnheringen.no: Entusiastar har samla element frå 100 års sjukehushistorie i éin sal. Laurdag vart utstillinga høgtideleg opna.

DEL

– Takk for at eg fekk oppleva dette, sa tidlegare overlege Tjerand Lunde i helsingstalen sin. Han var tydeleg rørt over det arbeidet som er lagt ned for å ta vare på sjukehushistoria. Både Tjerand Lunde og far hans Konrad Lunde, har lagt igjen livsverk som overlegar på Valen sjukehus. Det er den gamle kvinneavdelinga A som no er gjort om til museum. Frivillig innsats frå eldsjeler har gitt eit fint resultat i form av ei samling sjukehusutstyr, apparat, bilde, møblar, kontorutstyr, klesdrakter og anna som var i bruk før. Plakatar med korte tekstar fortel kva ein ser. Valestiftinga med Reidar Handeland i spissen får hovudæra for tiltaket, og nettopp Reidar Handeland fekk æra av å opna utstillinga.

– Dette er berre starten, lova han, før han takka alle andre som har vore med; Helse Fonna, Hordaland fylkeskommune, Sunnhordland museum, Tjerand Lunde, pensjonerte pleiarar og tilsette som har opp gjennom åra har teke vare på gamalt. Museumsopninga er ein del av VårfestiValen og 100-årsmarkeringa for sjukehuset. Utstillingane er permanente og vil vera opne for alle etter avtale.

I samarbeid med sjukehuset har Valestiftinga gjort eit imponerande arbeid også på uteområda. Etter opningsseremonien tok Reidar Handeland folket med på ei kulturvandring for å visa og fortelja om noko av det.

Les meir om museet og VårfestiValen i papiravisene måndag og onsdag.

Send tekst og bilde «

Vi vil gjerne høyra om smått og stort som går føre seg i Kvinnherad. Hjelp oss å vera overalt!

Artikkeltags