Vann fjerde divisjon

Rosendal musikklag under ei øving. I helga vann dei fjerde divisjon under Siddis Brass. (Arkivbildet).

Rosendal musikklag under ei øving. I helga vann dei fjerde divisjon under Siddis Brass. (Arkivbildet).

Artikkelen er over 3 år gammel

Rosendal Musikklag tok førsteplassen i fjerde divisjon under Siddis Brass laurdag.

DEL

Kvinnheringane konkurrerte mot ti andre brassband i 4. divisjon under Siddis Brass i Stavanger konserthus. Programmet dei framførte heiter Kings and Quees, og består av fem lette og underhaldande musikkstykke. Dirigent var Yngve Nikolaisen. Laget hadde meldt 36 musikantar på til konkurransen.
– Vi grusa dei andre, og slo andreplassen med fire poeng. Det er mykje! meldar ein jublande glad lagleiar Kristin Lamberg etter konkurransen i Stavanger.

Send tekst og bilde «

Vi vil gjerne høyra om smått og stort som går føre seg i Kvinnherad. Hjelp oss å vera overalt!

Artikkeltags