Vetrhus på radio

Mona Vetrhus (Arkivbilde).

Mona Vetrhus (Arkivbilde).

Artikkelen er over 5 år gammel

Mona Vetrhus kjem på radio i P2-programmet «Diktafon» laurdag 16. og tysdag 19. februar.

DEL
Søkjelyset blir sett på diktboka hennar som kom i haust, «Nokre gutar kjem ikkje heim i kveld», den same som skal under lupa på litteraturseminaret i Bergslagen på Sunde same dagen. Boka fortel om gledene ved å veksa opp i trygge Uskedalen og den djupe sorga som oppstår når nokon i miljøet fell bort. Vetrhus er oppvaksen i Uskedalen og busett i Oslo. Ho hadde sjølv ein lang periode som programleiar for «Diktafon», men denne gongen er ho altså gjest i studio.
Send tekst og bilde «

Vi vil gjerne høyra om smått og stort som går føre seg i Kvinnherad. Hjelp oss å vera overalt!

Artikkeltags