Vil slå saman mållaga

FULL STØTTE: Øystein Skjæveland, Hordaland Mållag, gav full støtte til ideen om å skipa eitt felles mållag i kommunen.

FULL STØTTE: Øystein Skjæveland, Hordaland Mållag, gav full støtte til ideen om å skipa eitt felles mållag i kommunen. Foto:

Av
Artikkelen er over 9 år gammel

Medlemer i Kvinnherad Mållag meiner tida er inne for eitt slagkraftig mållag i kommunen.

DEL

Gå hausten i møte - BERRE 88 kr for 8 veker med papiravisa og alt innhald på nett

Kvinnherad Mållag diskuterte saka om ei eventuell samanslåing av dei lokale mållaga på årsmøtet i Rosendal måndag kveld.

– Saka kan ikkje avgjerast før på årsmøtet i 2009, men eg vil gjerne at vi startar diskusjonen no, sa leiaren i mållaget, Kristian Bringedal, og hadde Halsnøy, Husnes og Kvinnherad Mållag i tankane.

– Ølve Mållag er skilt frå fastlandet med fjord, og har dessutan ei noko spesiell historie. Difor er det naturleg at laget fortset åleine som før, om medlemene ønskjer det slik, la han til.

Kvinnhersminne

Anfinn Otterå, invitert frå det sovande Husnes Mållag, tok til orde for at ei samanslåing er ein god idé for å ivareta aktiviteten.

– Men «Kvinnhersminne» må følgja med på kjøpet, minna han om. Boka, som vert utgjeven annakvart år, er eit samarbeidsprosjekt mellom Husnes Mållag og Kvinnherad sogelag. Jorunn Toskedal er medlem både i sogelaget og i Kvinnherad Mållag, og har vore delaktig i dei siste utgåvene av boka.

– At «Kvinnhersminne» inngår i det nye samarbeidet går heilt fint, meinte ho, og la til at ho ikkje såg noko anna enn fordelar med å slå mållaga saman.

– Men vi har rett nok ikkje diskutert saka i sogelaget enno.

Ut av isolasjonen

Arne Sunde meinte òg at samanslåing var ein god idé.

– La oss samla målkreftene i eitt felles lag, sa han. Det same meinte Karsten Bjørke, Arne Alsaker og Øystein Skjæveland frå Hordaland Mållag. Kristian Bruåsdal var derimot ikkje vidare oppsett på endringar.

– Eg er redd det vil bli tungt å driva eit mållag som femnar om heile kommunen, og eg meiner framleis at soknegrensene er dei beste å halda seg til, hevda Bruåsdal.

Kåre Skaala var på den andre ytterkanten. Han såg føre seg eit felles mållag for eit område utover kommunegrensa.

– At kvar bygd har sitt eige lag er ei ordning frå den tida bygdene var isolerte. Med tunnelar i begge endar er det på høg tid å foreta ei samanslåing som omfattar landet på andre sida av tunnelane, sogelaga inkludert, slo Skaala fast.

Oppmuntrande

Isprodusenten og målforkjemparen, Øystein Skjæveland i Herøysund, var invitert for å snakka om korleis ein kan påverka næringslivet til utvida bruk av nynorsk i marknadsføring og andre språksamanhengar. Han trekte fram Lerum, Drageset og Brimi som gode eksempel på vellukka bruk av nynorsk.

– Men fleire må med på laget, og mykje kan oppnåast ved positive oppmodingar, påskjønningar og oppmuntringar frå fleire kantar.

Artikkeltags