Norges første kvinnelege standup-komikar til Husnes

Fredag kan du oppleva dette fyrverkeriet av ei dame i Kulturhuset Husnes. Rigmor Galtung skal reflektera over det å fylla 50 år, noko som garantert byr på mykje humor og sjølvironi. (Pressefoto).

Fredag kan du oppleva dette fyrverkeriet av ei dame i Kulturhuset Husnes. Rigmor Galtung skal reflektera over det å fylla 50 år, noko som garantert byr på mykje humor og sjølvironi. (Pressefoto).

Rigmor Galtung fyller 50 år i år, og feirar med å reisa på norgesturné med showet sitt «Syltynn topptrent & dønn ærleg». Fredag kan du oppleva ho i Kulturhuset Husnes.

DEL

Rigmor Galtung blir sagt å vera den første kvinnelege standup-komikaren i landet. Sidan ho i år fyller 50 fann ho ut at ho ville reisa på turné med heilt nytt show med mykje nytt materiale og eit stjerneteam bak seg. Skribentar frå «Nytt på nytt» og regissøren som står bak «Best før»-suksessen med Linn Skåber på TV2 er berre nokre av dei som er med på reisa.

Når ein fyller 50 er det tid for ei oppsummering, og spesielt i forhold til dei kvinnene som har inspirert og følgd Rigmor gjennom 30 år, frå første dag på scena til i dag kor imitasjon er ein del av kvardagen. Det «bur» nemleg veldig mange inni hovudet til Rigmor, der nokre er meir framtredande. Gro Harlem Brundtland står i særstilling der, og Wenche Myhre var den første som «flytta inn». Sidan har ein heil haug med folk følgd etter. Alle desse menneska og figurane har vore med på å prega kven Rigmor er. Framsyninga hennar handlar elles om livsløgner, erkjenningar, glede og sorg. Når ho kjem med show i Kulturhuset Husnes får publikum vera med ho heim i stova hennar, der det skal mimrast, det skal hyllast, det skal imiterast og ein skal sjå framover. For er det eigentleg så hard å bli 50? Må alt vera perfekt?

Send tekst og bilde «

Vi vil gjerne høyra om smått og stort som går føre seg i Kvinnherad. Hjelp oss å vera overalt!

Artikkeltags