Polsk og norsk på piano

KJEM: Søndag 29. september kjem denne virtuosen av ein pianist til Kulturhuset Husnes. Namnet er Greg Niemczuk. Foto: Pressefoto

KJEM: Søndag 29. september kjem denne virtuosen av ein pianist til Kulturhuset Husnes. Namnet er Greg Niemczuk. Foto: Pressefoto

I oktober i fjor leverte han ein flott konsert på Husnes. No er han er igjen.

DEL

Vi snakkar om den smilande, trivelege, unge og polske pianisten Greg Niemczuk (34). Søndag 29. september kjem han til Husnes for andre gong for å spela konsert i Kulturhuset Husnes, går det fram av ei pressemelding.

Denne gongen byr han på musikk frå Polen og Norge. I vente er komposisjonar av Grieg, Sæverud, Tveitt og Sinding, samt Chopin, Kilar og Paderewski.

Niemczuk held konsertar i alle verdsdelar, men likar seg spesielt godt i Norge. To gonger i året reiser han på turné i landet vårt. Også denne gongen gjer han eit stopp på Husnes.

Den unge pianisten gjekk til topps i debutkonkurransen i Carnegie Hall i New York i 2013, og det same i Chopin-konkurransen i Warszawa i 2010. Utover det er det blitt mange prisar, både i heimlandet og internasjonalt.

– Han er ikkje berre ein fantastisk pianist, men òg smilande, begeistra, open og venleg, står det å lesa i pressemeldinga.

Konserten på Husnes har fått namnet «Fra Polen til Norge – en musikalsk reise».


Artikkeltags