Kulturskulen inviterer til open dag

Arkivfoto frå kulturskulen sin flotte dansesal.

Arkivfoto frå kulturskulen sin flotte dansesal.

Av

Laurdag 12. september arrangerer Kvinnherad Kulturskule open dag.

DEL

I ei pressemelding inviterer kulturskulen alle born og unge som har spørsmål om dei faga skulen kan tilby. Dei som kan tenkja seg å prøva til dømes messingblås, fiolin, gitar eller trommer, får høve til det.

Kulturskulen har eit breitt undervisningstilbod med opplæring innan fagområda kunst, dans, musikk og teater. Det finst òg tilbod til spesielle grupper ved kulturskulen, born og vaksne med spesielle behov, og ei ordning der ein kan søkja om friplass om ein til dømes har dårleg økonomi.

Kulturskulen skriv i pressemeldinga at den framleis har nokre ledige plassar.

«Me håper mange vil ta turen innom dei flotte lokala våre. Nytt høvet til å få snakka med fleire lærarar og å prøve forskjellige instrument», lyder oppmodinga.

Kulturskulen minner elles om å ta omsyn til smittevern, vaska/sprita hender og halda avstand i samband med besøket. Dei tilsette gler seg til den opne dagen, og ønskjer alle velkomne.

Send tekst og bilde «

Vi vil gjerne høyra om smått og stort som går føre seg i Kvinnherad. Hjelp oss å vera overalt!

Artikkeltags

Kommentarer til denne saken