Tok barna med i dansen

Artikkelen er over 2 år gammel
DEL

– Vi i kulturskulen elskar å ha framsyningar, men då treng vi jo publikum! Så kjekt at de i barnehagane ville komma og sjå og høyra på oss.

Det sa konferansier og kordirigent for Nattergalen, Maria Malmsten, til det unge publikumet. Tysdag hadde kulturskulen nemleg invitert barnehagabarna på Valen, Sunde og Husnes til to framsyningar på kulturskulesenteret. Framsyningane gjekk parallelt i dansesalen og i «blackboxen», og etter å ha sett den eine bytta barnehagebarna rom for å sjå den andre. Dei fekk høyra ein flott konsert med strykeorkester, fløytespel, pianospel, gitarorkester, saksofonspel, song frå koret Nattergalen, og så til slutt Marimba-orkesteret. I dansesalen viste danseelevane til Koshi Sabuneti, som går på gruppa «Jazz moderne dans 3», tre dansar ikledd dyrekostyme, og dei tok også barnehagebarna med i dansen. Det synest dei var skikkeleg moro.

Barnehagebarna syntest det var knallkjekt å dansa med danseelevane i kulturskulen.

Barnehagebarna syntest det var knallkjekt å dansa med danseelevane i kulturskulen.

Desse elevane i strykeorkesteret spelte dei fine songane «Ein fin draum» og «Trommedans».

Desse elevane i strykeorkesteret spelte dei fine songane «Ein fin draum» og «Trommedans».

Koret Nattergalen song «Svingensongen» frå NRK sin julekalender «Jul i Svingen» og «Jan Bavian». For høvet var dei kledde i gult, medan dirigent Maria Malmsten hadde på seg ein kjole med bananmønster.

Artikkeltags