Kjente seg ikkje att i kritikken

Artikkelen er over 1 år gammel

Gretha Rød hadde spørsmål om vedlikehald av kommunale bygg i kommunestyret, og peika på at det var vanskeleg å få løyst bygningsmessige problem i kommunen.

DEL

Mellom anna påpeika Rød i interpellasjonen at kulturskulen hadde ei opphoping av problem.

Ho hadde i tillegg tre direkte spørsmål til rådmannen.

1. Kva skuldast denne avventinga med å utbetra feil og manglar på kommunale bygg?

2. Har kommunen kapasitet og økonomi til å løysa desse type problem etter kvart som dei oppstår?

3. Kva tenker ordføraren er nødvendig å gjera med dette framover?

Rådmann Odd Ivar Øvregård svara på vegner av kommunen, og han kjende seg ikkje att i kritikken. Rådmannen viste til ei rekke tal som seier at avvika er veldig få, og at dei fleste avvika som blir meld, vert retta opp etter svært kort tid.

Øvregård sa og at systemet i dag er slik at alle som melder avvik kan sjå status for avviket og når det vil bli retta opp i. Rød peika mellom anna på at lyset i kunstverket i taket ved kulturskulen ikkje lyste lenger. Her svara rådmannen at dette vil bli reparert på måndag, i samband med at det skal gjerast vedlikehald fleire andre stader i kommunen. Han lova samstundes at kommunen skal prøva å vera betre på kommunikasjon.

Artikkeltags