Lærarbanden slår til igjen

Maria Malmsten, Frode Kaldestad, Kirill Zimin, Linas Dakinevicius, Kjell Skarsfjord og Mauricio Weimar er av lærarane som skal opptre under lærarkonserten komande fredag. Her frå øving førre fredag.

Maria Malmsten, Frode Kaldestad, Kirill Zimin, Linas Dakinevicius, Kjell Skarsfjord og Mauricio Weimar er av lærarane som skal opptre under lærarkonserten komande fredag. Her frå øving førre fredag.

Artikkelen er over 1 år gammel

Konserten i fjor blei så populær at ekstra stolar måtte inn i konsertsalen. I morgon, fredag, er kulturskulelærarane klare med ny vårkonsert.

DEL

‒ Vi har rett og slett bestemt oss for at dette skal bli ein tradisjon!

Det seier rektor Kirill Zimin ved Kvinnherad kulturskule.

Han snakkar om konsertsamarbeidet mellom alle lærarane ved kulturskulen. Dei rundt tjue tilsette er frå åtte nasjonalitetar, og ikkje berre undervisar dei i kultur.

‒ Mange veit ikkje at vi også er utøvarar sjølve. Vi spelar musikk, dansar, komponerer musikk og held på med teater. Det var dette vi hadde lyst til å visa fram då vi starta samarbeidet i fjor, og responsen på konserten vår var så fantastisk at vi gler oss til å gjera dette kvar vår framover. Konsertsalen var så full at vi måtte inn med ekstra stolar, og tilbakemeldingane frå publikum var herlege, smiler Zimin.

Førstkomande fredag står dei igjen på scena i konsertsalen i kulturskulen, og heile showet er gratis for publikum. Ein del av stoffet dei skal framføra er coverlåtar, men noko er òg eigenkomponert. Mellom anna skal songpedagog og kordirigent Maria Malmsten framføra verk ho har laga sjølv. Teaterlæraren Eirin Nordvik skal halda ein monolog.

‒ Dette er eit veldig kjekt prosjekt, det er gøy at vi lærarar visar fram at vi kan spela, vi òg. Publikum kan sjå fram til ein variert konsert med mykje på menyen, smiler Malmsten.

Korpsdirigent Linas Dakinevicius, som sjølv spelar på valthorn, stillar seg bak dette.

‒ Det er veldig kjekt å jobba litt annleis enn vi vanlegvis gjer. Og ikkje minst kan vi lova publikum ein veldig fin konsert med fin musikk, så velkomne skal de vera!

Send tekst og bilde «

Vi vil gjerne høyra om smått og stort som går føre seg i Kvinnherad. Hjelp oss å vera overalt!

Artikkeltags