– Vi er ein skule for alle

LØP OG SØK: – Her kan absolutt alle finna noko dei likar uansett nivå og interesse. Rektor Kirill Zimin oppmodar blivande elevar om å hugsa søknadsfristen for Kvinnherad kulturskule.

LØP OG SØK: – Her kan absolutt alle finna noko dei likar uansett nivå og interesse. Rektor Kirill Zimin oppmodar blivande elevar om å hugsa søknadsfristen for Kvinnherad kulturskule.

Fristen for å søkja plass ved Kvinnherad kulturskule nærmar seg raskt. Rektor Kirill Zimin gler seg til å ta i mot nye og gamle elevar til hausten. Skulen får også eit heilt nytt fordjupingstilbod.

DEL

– Søknadsfristen for nye elevar er 15. april, og hovudopptaket vårt skjer i juni, fortel rektoren.

Det er veldig sjeldan at det er ledige plassar ved kulturskulen, men dersom det vert noko ledig så gjer skulen løpande opptak av dei elevane som står på venteliste. Så her gjeld det å sikra seg ein plass.


600 elevplassar

Kulturskulen har kring 600 plassar, med eit breitt og variert undervisingstilbod innan fagområda kunst, musikk, dans, teater, samt tilbod for barn og vaksne med særskilde behov.

– Det som er så fint med kulturskulen her er at vi har tilbod i heile kommunen, så ein kan få undervisning der ein bur. Vi har hovedbase på Husnes og mykje føregår her, men lærarane reiser i tillegg ut i kommunen for å gi opplæring i Rosendal, Uskedalen, Hatlestrand og Valen.

Zimin nemner at kulturskulen også har høve for å gi friplass til elevar. Desse kan få heilt eller delvis gratis opplæring dersom særlege grunnar tilseier dette. Skulen tilbyr har også eit gratistilbod på Valen, der alle barn er velkomne i koret, uansett økonomien i familien.

– I tillegg samarbeider vi med det lokale kulturlivet i heile kommunen, til dømes med korps. musikklag, kor og andre frivillige organisasjonar.


Fordjuping

Nytt til hausten er eit program for fordjuping for elevar innan musikk.

– Fordjupinga er eit ekstratilbod for lovande ungdommar, der målet er å utvikla seg endå meir i sin disiplin. Vi ynskjer å gi dette tilbodet til elevar mellom 12 og 19 år som har ei særleg interesse og føresetnadar for å komma langt med musikken sin. Desse vil kanskje fortsetja med musikken, seier han.

For å komma med i fordjupingsprogrammet treng ein eit tilrådingsbrev frå musikklæraren sin, så ventar ein opptaksprøve og samtale på kulturskulesentert på Husnes.

– Det er ein del krav til desse elevane, men dette er eit tilbod til dei som allereie er på eit høgt fagleg nivå innan sitt instrument.

Kulturskulen har ein intensjon om å tilby eit slikt fordjupingsprogram i dans, men avventar å lansera tilbodet til bemanninga er på plass. I desse dagar lysar dei etter ein ny danselærar til mellom anna nettopp dette formålet.


Løp og søk!

Rektoren oppmodar folk om å sjå på nettsidene til kulturskulen for å finna heile spekteret av tilbod. Skulen har 15 faglærarar frå ti ulike nasjonar.

– Lærarane hos oss har eit svært høgt nivå, og dei tar alle med seg det beste frå sitt land. Når så mange erfaringar kjem saman skapar det noko heilt unikt og eige.

– Her kan absolutt alle finna noko dei likar uansett nivå og interesse. Mottoet vårt er jo «ein skule for alle». Og vi ynskjer oss endå fleire elevar. Så eg oppmodar om å «løp og søk»! reklamerer Zimin.



Send tekst og bilde «

Vi vil gjerne høyra om smått og stort som går føre seg i Kvinnherad. Hjelp oss å vera overalt!

Artikkeltags