Kulturskulen treng ein lærar til

BYR OPP TIL DANS: Kulturskulerektor Kirill Zimin ønskjer seg søkjarar til ei nyoppretta dansestilling. Her er Zimin fotografert i kulturskulesenteret sin flotte dansesal.

BYR OPP TIL DANS: Kulturskulerektor Kirill Zimin ønskjer seg søkjarar til ei nyoppretta dansestilling. Her er Zimin fotografert i kulturskulesenteret sin flotte dansesal.

Så langt har kulturskulerektor Kirill Zimin ingen søkjarar til ei ny, fast danselærarstilling.

DEL

– Hjelp oss med å få tak ein ekstra danselærar! oppmodar Zimin.

40%-stillinga er no lyst ut for andre gong med søknadsfrist 20. mai. Den populære danselæraren Koshiwayi Sabuneti, mest kjend som Koshi, treng altså ein kollega. Koshi har dansegrupper på Husnes, Halsnøy og i Rosendal, og han er såpass flink og populær at dei som går på dans held det gåande i mange år. Dermed er det fleire som vil begynna enn det er som sluttar, og dermed blir køen av søkjarar stadig lengre.

– Vi treng ein danselærar som er glad å læra ungar frå fem år og oppover å dansa. Kjenner du nokon som kjenner ein person som bør søkja jobben? spør Zimin, og oppmodar kvinnheringane å hjelpa til i jobbjakta.

Dansetilbodet ved Kvinnherad kulturskule er svært populært, og nyleg vart forestillinga «Løvenes Konge» framført på Husnes med over 130 danseelevar på scenen. Kulturskulen har mange dansegrupper for ulike aldersgrupper, eiga gutedansgruppe og dans innan ulike kategoriar; klassisk ballett og jazz moderne.

– Dessutan har me eit fantastisk kulturskulesenter og eit internasjonalt og veldig triveleg kollegium her ved kulturskulen, lokkar Zimin, og avslører at han kallar bygget for «kulturslottet».

– Stillinga er i utgangspunktet ei 40%-stilling, men med tida kan den kanskje bli utvida. Skulle ein mangla formell utdanning, kan relevant erfaring og ønskje om å formidla danseglede også vera grunnlag for å bli vurdert, seier Zimin.

Send tekst og bilde «

Vi vil gjerne høyra om smått og stort som går føre seg i Kvinnherad. Hjelp oss å vera overalt!

Artikkeltags