Widerøe ny rektor

Hans Widerøe (54) begynner som rektor i Kvinnherad kulturskule i april. (Privat foto).

Hans Widerøe (54) begynner som rektor i Kvinnherad kulturskule i april. (Privat foto).

Artikkelen er over 3 år gammel

Hans Widerøe (54) er tilsett som ny rektor i Kvinnherad kulturskule.

DEL

Måndag takka Hans Widerøe ja til tilbodet om rektorjobben i Kvinnherad kulturskule, fortel kultursjef Kristian Bringedal. Widerøe overtar jobben etter Rolf Lothe, som går av med pensjon 1. mars, etter 38 år i sjefstolen.

Widerøe er busett i Hjelmeland kommune, der han er rektor i den lokale kulturskulen.

Den nye rektoren har solid musikkbakgrunn. I bagasjen finn vi musikkpedagogisk utdanning, med song som hovudinstrument. Han har spesialisert seg på kordireksjon og solosong. I tillegg har han ein master i musikkvitskap i Exeter, Universitetet. I tillegg til song, trakterer han trompet.

Widerøe markerer seg innan organisasjonslivet med å vera styremedlem i Norsk Kulturskuleråd i Rogaland og Rogaland Musikkråd.

Lokal tilknyting

Widerøe budde fleire stader i landet i oppveksten. Han er son til tenoren Øyvind Widerøe frå Skånevik, og budde nettopp der i ungdomstida. Kona hans, Yngvild Storækre Hennig, er pianist og ættar frå Kvinnherad. I ungdomen heldt ho mange lunsjkonsertar på Baroniet Rosendal. Familien hennar har hytte på Løfallstrand, ein stad paret har vore mange gonger.

– Kvinnherad er ein fin kommune, ikkje minst med tanke på naturen, seier nyerektoren, som er eit aktivt friluftsmenneske.

Planen er å flytta hit, men i kva bygd er ikkje bestemt enno.

Mogleg lærar

Til rektorstillinga ligg det vanlegvis ikkje undervisning, med mindre rektoren sjølv ønskjer å ha dette som ein del av jobben. Widerøe er glad i å undervisa, og ser ikkje bort frå at han kan bli ein av lærarane.

– Akkurat det har vi ikkje snakka om enno, men det kan godt henda at eg kjem til å undervisa litt, seier Widerøe.

Han begynner i jobben i løpet av april månad. Bringedal stadfestar at Rolf Lothe har sagt seg villig til å hjelpa til i ein overgangsfase, slik at kulturskulen ikkje blir ståande heilt utan rektor før den nye kjem på plass.

– Eg gler meg til å koma til Kvinnherad kulturskule. Den er noko større enn Hjelmeland kulturskule og vil by på andre og nye utfordringar, helsar Hans Widerøe.

Send tekst og bilde «

Vi vil gjerne høyra om smått og stort som går føre seg i Kvinnherad. Hjelp oss å vera overalt!

Artikkeltags