Konsert med afrikansk marimba-musikk

Her ser du medlemmane i Michero Marimba, den nest eldste marimba-gruppa i kulturskulen. Dei gler seg til å halda konsert saman med dei andre onsdag 13. mars. (Foto: Privat).

Her ser du medlemmane i Michero Marimba, den nest eldste marimba-gruppa i kulturskulen. Dei gler seg til å halda konsert saman med dei andre onsdag 13. mars. (Foto: Privat).

Onsdag kveld neste veke blir det konsert med alle dei tre marimba-gruppene til Kvinnherad kulturskule i kulturskulesenteret på Husnes.

DEL

Konserten er gratis, og gruppene «Mhodzi», «Michero» og «Musango» skal framføra tradisjonelle songar frå Zimbabwe og Sør-Afrika i tillegg til nokre originale komposisjonar.

Mhodzi Marimba er den eldste og mest tradisjonelle marimba-gruppa i kulturskulen, og kom til topps i UKM og fekk reisa til Trondheim i fjor. Mhodzi er populære i Kvinnherad, og har blitt spurd av fleire om å opptre på ulike arrangement året rundt.

Michero Marimba følgjer i fotspora til den eldste gruppa, og fekk nyleg sjansen til å spela i Peer Gynt-salen i Bergen under De Unges Festforestiling 2019. Berre 11 artistar/grupper i Hordaland fekk delta, og Michero Marimba var altså ei av desse.

Musango Marimba er den yngste gruppa med elevar mellom 10 og 12 år. Dei kjem garantert til å gi jernet på scena under konserten, på lik linje med dei to eldre marimba-gruppene

Alle gruppene ser verkeleg fram til konserten og å dela marimba-rytmane med publikum, skriv kulturskulelærar Mauricio Weimar i ei pressemelding. Han oppmodar alle som har sjansen til å ta turen onsdag kveld.

Send tekst og bilde «

Vi vil gjerne høyra om smått og stort som går føre seg i Kvinnherad. Hjelp oss å vera overalt!

Artikkeltags