Lærarane lagar show igjen

«Huskonsertane» til kulturskule-lærarane har vore flotte konsertopplevingar som er vel verdt å få med seg. Her frå den første i 2017. F.v.: Heidi-Merete Strandaas, Clive Anderson, Kjell Skarsfjord, Linas Dakinevicius og Kirill Zimin. (Arkivfoto).

«Huskonsertane» til kulturskule-lærarane har vore flotte konsertopplevingar som er vel verdt å få med seg. Her frå den første i 2017. F.v.: Heidi-Merete Strandaas, Clive Anderson, Kjell Skarsfjord, Linas Dakinevicius og Kirill Zimin. (Arkivfoto).

For tredje år på rad inviterer lærarane i kulturskulen til gratis-konsert for å visa fram kva dei er gode for. Fredag 24. mai serverer dei eit skikkeleg show med ulike musikksjangrar og nokre nye fjes på scena.

DEL

Det var rektor Kirill Zimin som starta tradisjonen då han begynte i Kvinnherad kulturskule for tre år sidan. Dei to førre lærarkonsertane blei stor suksess, og han lovar at også denne blir knallbra.

– Kulturskulen har mange dyktige musikarar og aktørar samla under eitt tak. Vanlegvis er det elevane våre som får briljera, men også vi likar å opptre og visa fram noko av det vi kan. Samtidig er det kjekt å laga til ei kulturell hending for innbyggjarane våre, seier Zimin.

Lærarane er frå mange ulike nasjonar og trakterer mange ulike instrument. På konserten får publikum høyra mange ulike musikksjangrar, alt frå klassisk til jazz og afrikansk musikk. Det blir også nokre nye fjes på scena, blant anna pianopedag Yuko Shuto, messinglærar Dmitrii Kuzmin og teaterpedagog Stian Sithole Olderkjær som skal vera konferansier.

– Vi lovar god stemning og eit heilt nytt program med musikk vi aldri har spelt for publikum før. Dette bør folk få med seg! lokkar rektoren, som sjølv blant anna er ein svært dyktig saksofonist.

Konserten blir som tidlegare år i «blackboxen» i kulturskulesenteret på Husnes. Der er det plass til 150, og dei som vil ha med seg gratiskonserten bør derfor vera tidleg ute denne kvelden.

Send tekst og bilde «

Bidra til Ditt Kvinnherad! Vi oppmodar deg til å fortelja om arrangement du skal på eller har vore på. Legg gjerne igjen foto

Artikkeltags