Kulturstipend til Aleksander Sahr

Aleksander Sahr får Kvinnherad kulturstipend for 2016. (Arkivfoto).

Aleksander Sahr får Kvinnherad kulturstipend for 2016. (Arkivfoto).

Artikkelen er over 3 år gammel

Aleksander Sahr frå Husnes får Kvinnherad kulturstipend 2016 på 50.000 kroner.

DEL

I ei pressemelding heiter det at tildelingsgruppa for Kvinnherad kulturstipend har delt ut Kvinnherad kulturstipend for 2016. Det var eitt stipend på 50 000,- som skulle delast ut, og det kom inn 11 søknader.

Tildelingsgruppa valde å gje stipendet til Aleksander Sahr frå Husnes. Aleksander er 22 år og studerer for tida «Klesdesign og Kostymedesign» ved kunsthøgskulen i Oslo. Etter skulegang i Kvinnherad flytta Aleksander ut av kommunen for å jakta draumen om å bli kledesignar. Tida har Aleksander mellom anna nytta til å studera «Bilde, Form og Kunst» ved Solborg folkehøgskule og no  «Bachelorstudie i Klesdesign og Kostymedesign» ved Kunsthøgskulen i Oslo. Aleksander søkjer om Kvinnherad kulturstipend for å fulløra bacheloroppgåva si. Stipendet vil gje Aleksander større fridom i arbeidet med oppgåva.

Vidare i pressemeldinga heiter det at tildelingsgruppa hadde mange gode søkjarar å velja mellom. Aleksander fyller kriteria for å bli tildelt Kvinnherad kulturstipend. I tildelinga legg gruppa vekt på at han er ein ung og lovande kandidat som syner at han tør å satsa på draumen.  Han er eit lovande talent og alt han føretar seg syner medviten jobbing mot målsetjinga. Aleksander representer ei utrykksform som ikkje har fått tildelt Kvinnherad kulturstipend tidlegare.

Kvinnherad kulturstipend er eit samarbeid mellom Sparebank 1 SR-Bank, Sunnhordland kraftlag, Hydro Husenes, Sparebanken Vest og Kvinnherad kommune.  Tildelingsgruppa for årets stipend har vore Synnøve Handeland frå Sparebank 1 – SR bank, Jan Petter Myhre frå SKL, Eli Haugan frå Kvinnherad kulturskule og Linda Øen frå Kvinnherad kulturkontor.

Send tekst og bilde «

Vi vil gjerne høyra om smått og stort som går føre seg i Kvinnherad. Hjelp oss å vera overalt!

Artikkeltags