Tildelingsgruppa for Kvinnherad kulturstipend har valt å gi Kvinnherad kulturstipend for 2017 på 50 000,- til kunstnar Espen Attramadal, heiter det i ei pressemelding.

Les saka Kvinnheringen skreiv om Espen i oktober: "Skulptøren som lukka auga for å sjå"

Han er 31 år og no busett i Rosendal, men er fødd og oppvaksen på Røros. Han flytta for få år sidan til Kvinnherad som er kona sin heimkommune. Espen har etablert seg med verkstad og sesongbasert utsal i Rosendal. Den unge kunstnaren har studert skulptur ved Ringerike folkehøgskule, etterfølgd av ein bachelor i kunst frå avdeling for keramikk på kunsthøgskulen/akademiet i Bergen. Espen har i mange år selt og produsert utsmykkingar og enkeltskulpturar som er meint som pyntegjenstandar innandørs. Espen presenterer prosjektet han har fått Kvinnherad kulturstipend for å vidareutvikla slik:

«Laga store menneskefigurar/statuar med realistiske trekk med eit hint av eventyr og leik. Smådetaljar vil bli delvis kamuflert i foldar i klede, hår eller presentert som gjenstandar på skulpturen. Dette vil vera med på å gje ein stor figur ein god heilskapleg positur samtidig som den inviterer til ei litt meir intim reise eller personpresentasjon når betraktaren får følgja skulpturen sine små detaljar på nært hald».

På lengre sikt ønskjer Espen å kunna laga ein park for born og vaksne med fleire små og store vennlege og spennande skulpturar. Håpet hans er å få jobba med ein serie skulpturar nær skog, der figurane glir inn og harmonerer med omgivnadane.

Tildelingsgruppa hadde sju gode søkjarar å velja mellom. Espen fyller kriteria for å bli tildelt Kvinnherad kulturstipend. Tildelingsgruppa la særleg vekt på at Espen i sin søknad presenterte eit spennande og spenstig prosjekt som er med på å vidareutvikla han som kunstnar. Vidare var tildelingsgruppa opptatt av at Espen har etablert seg i kommunen, både med verkstad og utstillingar, og såleis har ei veldig klar tilknyting til Kvinnherad. Gruppa ser stor verdi i at kunstnarar flyttar til kommunen og utøver sitt virke her.

Kvinnherad kulturstipend er eit samarbeid mellom Sparebank 1 SR-Bank, Sunnhordland kraftlag, Hydro Husenes, Sparebanken Vest og Kvinnherad kommune.  Tildelingsgruppa for årets stipend har vore Vivi Loftheim frå Sparebanken Vest, Sveinung Grønstøl frå Hydro Husnes, Ágúst Magnusson frå Kvinnherad kultursenter og Linda Øen frå Kvinnherad kulturkontor.