Kunne enda opp som nazi-ferje: Slik går det med den klassiske ferja no

Den gamle ferja MF «Folgefonn» var den første, spesialbygde bilferja her i distriktet. Ferja blei freda i 2011, og sidan dess har ho vore under restaurering.

DEL


Ferja blei bygd i 1938, og gjekk i rute her i Sunnhordland frå 1957–1968. På den tida gjekk ho i sambandet Leirvik–Halsnøy–Sunde, men denne ruta omfatta den gongen også Valevåg, Mosterhamn og Utbjoa.

Ein del kvinnheringar kan nok framleis hugsa den gamle ferja, og viss ein smører seg med tolmod vil ein i framtida få moglegheit til å oppleva den gamle ferja på ny.

Her er MF «Folgefonn» slik den såg ut når den gjekk i rutefart for HSD. Etter restaureringa skal ferja tilbakeførast til denne utsjånaden. Bildet er tatt av Harald Sætre ved Hufthamar på Austevoll i 1978.

Her er MF «Folgefonn» slik den såg ut når den gjekk i rutefart for HSD. Etter restaureringa skal ferja tilbakeførast til denne utsjånaden. Bildet er tatt av Harald Sætre ved Hufthamar på Austevoll i 1978.

Er på Sørlandet

Etter å ha gått i rute i ei rekke HSD-samband i Sunnhordland og Hardanger, blei ferja seld til England i 1979. Der blei den brukt som yachtklubb, men i 2010 kjøpte Hardanger Fartøyvernsenter ferja, og fekk den tilbake til gamlelandet.

Ferja blei liggande ved fartøyvernsenteret i Norheimsund frå 2010, men etter eit møte med Riksantikvaren i 2017, blei det avgjort at ferja skulle slepast til Bredalsholmen Dokk og Fartøyvernsenter i Kristiansand, der den no ligg i dokk.

Kvinnheringen skreiv ein artikkel om restaureringsarbeidet i 2016, og planen var den gongen at arbeidet skulle vera ferdig i 2020.

Slik blir det dessverre ikkje.

Prosjektleiar for ferja ved Hardanger Fartøyvernsenter, Silje H. Tjosås, opplyser til Kvinnheringen at det som skal føregå i Kristiansand er eit omfattande stålarbeid, og at tidsperspektivet på dette er fram til 2026.

– No er skroget og alt stålet sandblåst og prima, og det er gjort ei tilstandsvurdering og utarbeida ein restaureringsplan, seier ho, og fortel at ein har planar om å restaurera den etter original byggemetode.

– Det var ikkje noko sveising av stål på den tida, men ein brukte klinking. Det er viktig å ta vare på den gamle handverkskompetansen, så ferja skal restaurerast på same måte som den blei bygd, seier ho, og forklarer at dette er ein av grunnane til at arbeidet kjem til å ta lang tid.

MF "Folgefonn"

Bygd for HSD ved Bergen Mekaniske Verksted i 1938

Fartsområde (faste ruter):

  • 1938–1952: Ålvik/Kvanndal/Granvin–Utne–Kinsarvik
  • 1953–1956: Brimnes–Ulvik og supplering Kinsarvik–Utne–Kvanndal
  • 1957–1968: Leirvik–Halsnøy–Sunde–Leirvik–Valevåg–Mosterhamn–Leirvik–Utbjoa
  • 1969: Sommarrute Brimnes–Ulvik
  • 1974: Sommarrute Fjelbergruta
  • På 1970-talet hadde ferja for det meste ikkje faste ruter, men blei brukt som mellom anna reserveferje her og der.
  • 1979: Seld til England og brukt som yachtklubb-lokale
  • 2010: Kjøpt av Hardanger Fartøyvernsenter og frakta tilbake til Norge
  • 2011– : Under restaurering

Kjelde: Harald Sætre

Tilbake til originalen

Her ser du kjølen på MF «Folgefonn» i dokken på Bredalsholmen i Kristiansand.

Her ser du kjølen på MF «Folgefonn» i dokken på Bredalsholmen i Kristiansand. Foto:


Når det er gjort, skal ferja tilbake til Hardanger, der fartøyvernsenteret i Norheimsund skal ta seg av innreiingsarbeidet.

– Blir ferja sett tilbake i original stand innvendig?

– Det blir den. Verneperioden er frå siste halvdel av 1950-talet og fram til den forlét Norge i 1979, og ferja skal settast tilbake i nøyaktig same stand som ho var i då ho gjekk i rute her, seier prosjektleiaren, og held fram:

– Kioskane på brua og i salongen, samt inventaret elles, blir som det var originalt.

Prosjektleiaren opplyser at dei britiske eigarane gjorde ein del endringar i salongen, men at mannskapsinnreiinga framleis er den originale.

Tjosås fortel vidare at den relativt langsiktige restaureringsplanen også er avhengig av ein anna faktor:

– Om vi når framdriftsplanen kjem an på finansieringa. For fartøy som er verna av Riksantikvaren, er det slik at ein kan søka midlar til restaureringsarbeidet. Dette kan ein likevel berre gjera frå år til år, så kor mykje vi får i tilskot blir avgjerande for framdrifta med restaureringa, seier ho.

For dei som er interesserte i motoren til ferja, kan det opplysast at det er kjøpt inn ein motor som skal settast inn i ferja etter kvart. Denne er no til overhaling hos eit firma på Bømlo.

Nazistane ville ha den

Når ferja ein vakker dag er ferdig restaurert, er planen at den skal ha fast base ved Hardanger Fartøyvernsenter.

– Planen er å ha den liggande her, og at den kan vera open til dømes for ulike arrangement. Men vi har også planar om at den skal kunna segla rundt i distriktet for eigen maskin, sluttar Tjosås, som dermed gir nostalgikarane eit håp om å igjen få skoda ferja seglande i dei gamle fjordane sine.

Kvinnheringen tok kontakt med utflytta kvinnhering og ferjeekspert Harald Sætre for å få informasjon om ferja si historie i rutefarten lokalt. I faktaboksen kan du lesa historikken til ferja, som faktisk stod i fare for å få ein langt verre skjebne enn den til slutt fekk:

Under krigen gjekk nemleg «Folgefonn» i rute mellom Kvanndal, Utne og Kinsarvik, men dei tyske okkupasjonsstyrkane var svært interesserte i å overta ferja til å føra troppar og rullande krigsmateriell.

I Sætre si bok «Veteranbåtar på Vestlandet» går det fram at tyskarane ved fleire høve prøvde få hand om ferja, men gav seg etter å ha blitt overtydde av HSD og vegstyresmaktene om at det var viktig å behalda ferja i rutetrafikk i sambandet over Hardangerfjorden – som den gongen var eit viktig samband for å knyta aust- og vestlandet saman.

Send tekst og bilde «

Vi vil gjerne høyra om smått og stort som går føre seg i Kvinnherad. Hjelp oss å vera overalt!

Artikkeltags

Kommentarer til denne saken