Kunst i Tinghuset

Arkitektur:  Tinghuset (t.h.) og Fruktlageret er nennsamt pussa opp og ligg idyllisk til i Vikjo i Dimmelsvik. Pressefoto

Arkitektur: Tinghuset (t.h.) og Fruktlageret er nennsamt pussa opp og ligg idyllisk til i Vikjo i Dimmelsvik. Pressefoto

DEL

Komande søndag blir det igjen høve til å besøkja det tradisjonsrike Tinghuset i Vikjo i Dimmelsvik. Då stiller eigaren, Anita Gaassand, ut bildekunst og tekstilt handverk. Kunstnaren er utdanna ved Kunsthøgskulen i Bergen. Saman med ektemannen, Dag Gaassand, kjøpte ho det gamle Tinghuset og det tilstøytande Fruktlageret i Dimmelsvik for rundt 11 år sidan. Etter det har mykje skjedd. Husa er totalrenoverte etter kunstens reglar, slik at husa i seg sjølve er å sjå på som ein attraksjon på den idylliske staden ved sjøen. Tinghuset stod ferdig i 1882 og er bygd av solid, høvla tømmer, som framleis er intakt. Det tilstøytande Fruktlageret er frå 1950-talet og bygd i ein annan stil, men med tilsvarande form som det gamle Tinghuset. Begge husa ar smakfullt og spennande renoverte. I Fruktlageret har Gaassand atelieret sitt, og her blir det meste av bildekunsten hennar stilt ut. Fruktlageret har òg lokalitetar som kan eigna seg for kurs, møte, fest eller anna. Ein del av Fruktlageret tener som båthus. Sjølve sorenskrivarkontoret i Tinghuset er ombygd til kjøken og bad. Bygningsdelen inneheld òg eit rom der mesteparten av Gaassand sin tekstilkunst er å finna.

Kystlandskap til sals

Gaassand fortel til Kvinnheringen at kysttema går igjen i bilda hennar, alle malte med akryl på lerret. Sjøfuglar høyrer til motiv som går igjen på fleire av dei. Tekstilkunsten hennar er mellom anna representert med eit stort åkle som heng ved sida av eit gamalt. Dette for å visa skilnaden på gamalt og nytt. Åkla er ikkje til sals, men det er det meste av bildekunsten. Huset og utstillinga er opne frå komande søndag og i ei veke framover.

Grip sjansen

Anita Gaassand håpar at mange stikk innom på opninga søndag og i veka som følgjer.

– Vi veit at mange er nysgjerrige på korleis det er blitt her, og alle desse er hjarteleg velkomne. Derfor gjer vi det slik at huset står heilt ope i ei heil veke. Vi vil gjerne ha besøk, og vi vil gjerne visa fram huset. Det er like viktig som kunsten, helsar kunstnaren.

Dermed er det duka for ei dobbel kulturoppleving i komande veke. Både kunsten og arkitekturen vil truleg gi mange ei god oppleving.

Ekteparet Gaassand bur til vanleg på Søfteland ved Os.

– Når vi no begge er pensjonerte, kjem vi til å vera mykje i Dimmelsvik. Det er jo så fint og så godt å vera her.


Send tekst og bilde «

Vi vil gjerne høyra om smått og stort som går føre seg i Kvinnherad. Hjelp oss å vera overalt!

Artikkeltags