Kåserer og viser fram maleri på bedehuset

Marit Elisebet Totland vil kåsera og visa fram maleri på bedehuset denne kvelden. (Arkivfoto).

Marit Elisebet Totland vil kåsera og visa fram maleri på bedehuset denne kvelden. (Arkivfoto).

Av

Førstkomande onsdag den 30. oktober blir det skipa til kunst- og kulturkveld på Husnes bedehus, med Marit Elisebet Totland som gjest.

DEL

Kveldens kåsør er Marit Elisebet Totland som vil snakka om «Spøk og alvor frå gamle avisarkiv». Her kan det nok bli mange godbitar frå tider som har vore!

Denne hausten har òg Marit halde malekurs på bedehuset, og denne kvelden kan dei som kjem få sjå fleire av dei bileta som deltakarane på kurset har måla. I tillegg vil det òg bli utstilling av maleri som Marit har mala, og høve til å kjøpa desse.

Det blir òg sal frå eit rikhaldig utval av bøker, kort og andre gåveartiklar frå Sunn-Bok (kristeleg bokhandel på Stord).

Her kan ein finna mange spennande og meiningsfulle gåver til jul, og samstundes er det høve til å kosa seg med ein kopp kaffi, te og rundstykke. Så er alle som har lyst og høve er velkomne innom bedehuset for å sjå, høyra, smaka og kjøpa.

Arne Lindekleiv

Send tekst og bilde «

Vi vil gjerne høyra om smått og stort som går føre seg i Kvinnherad. Hjelp oss å vera overalt!

Artikkeltags